Hopp til innhold

Krev ny vurdering av planen for dei vidaregåande skulane

Politikarane i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord krev at det vert gjort store endingar når politikarane får planen for dei vidaregåande skulane til vurdering.

Dale vidaregåande skule

VURDERT NEDLAGT: Dale vidaregåande skule er den einaste av sitt slag i HAFS-regionen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det vekte stor merksemd då firmaet Norconsult la fram sitt forslag til ny struktur for dei vidaregåande skulane i fylket.

No krev formannskapa i dei såkalla HAFS-kommunane (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen) at desse kommunane vert vurdert som ein sjølvstendig region i det vidare arbeidet med skuleplanane.

– Reiseavstandar

– Grunnane til dette er nesten sjølvforklarande, og særs relevante for strukturen for framtidas vidaregåande skular i fylket – nemleg geografi og reiseavstandar. Sjølv om regionen har minst folketal er dei interne reiseavstandane mellom sentra og kommunar større her enn dei fleste andre stader i fylket, sler HAFS-kommunane fast.

Særleg ønskjer dei å få større fokus på å oppretthalde den vidaregåande skulen i Dale, som vert føreslege nedlagt i den såkalla modell 2 i forslaget.

Krev ny vurdering

– HAFS-politikarane krev difor at modell 2 vert utgreidd med oppretthalding av Dale Vidaregåande skule som ein premiss i modellen, heiter det i ei felles fråsegn frå alle HAFS-kommunane.

Formannskapa i HAFS krev også at ein vurderer dei samla samfunns- og brukarkonsekvensane av å fjerne Hordalandsavtalen og leggje ned Austrheim vidaregåande, Høyanger vidaregåande og Dale vidaregåande samstundes.