Hopp til innhold

– Ytre-Sogn treng Hordalandsavtalen

Kommunane i Ytre Sogn vil bli råka hardt om elevar frå Gulen og Solund ikkje får pendle til skule i Hordaland, det fryktar Gulen-ordføraren.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

FRYKTAR FOR AVTALEN: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp).

Foto: Gøril Sætre

– Hordalandavtalen er viktig for Gulen, og har stor betydning for å få behalda ungdomen i kommunen, seier Hallvard Oppedal (Sp) til Firda.

Konsulentselskapet Norconsult har utarbeidd ein rapport der tre modellar skisserar moglege skulestrukturar i fylket. I modell nummer tre kan heile sju skular bli lagde ned.

Slik det er i dag, kan elevar frå Gulen og Solund dagpendle til vidaregåande skule i Nord-Hordaland.

  • LES OGSÅ:

– I rapporten ligg det ikkje inne ei vidareføring av Hordalandsavtalen i nokon av modellane. I staden for blir det lagt til rette for at elevane skal bli tilbydde skuleplass i eige heimfylke, og dermed må flytta på hybel, seier Oppedal til avisa.

Oppedal meiner det er verdt dei ekstra kostnadane, slik at ein kan behalda ungdomane i kommunane.