Hopp til innhold

Gjensidige endrar forsikringsavtale

Gjensidige har endra vilkåra for ein felles forsikringsavtalen dei i fleire år har hatt med Oslo Skinnauksjoner. Ifølgje Gjensidige vart risikoen for stor.

Pelsdyr

ATTRAKTIVE: Skinn av rev og mink er lukrativt og pelsdyrbønder blir frå tid til anna fråstole store verdiar.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Fylkesleiar i pelsdyrlaget i Sogn og Fjordane, Håkon Lundestad, er fortvila på vegner av medlemmene.

– Eg synest det er veldig dårleg at noko slikt kan skje, seier han oppgitt.

Stikk av med skinn til store verdiar

Gjensidige har gjennom fleire år tilbydt medlemmene i pelsdyrlaget forsikringar for mellom anna skinn, men nyleg sa selskapet stopp. Lundestad er frustrert og hadde helst sett av avtalen kunne halde fram.

– Dei bør jo kunne ta forsikringar som kanskje er litt meir risikofylte enn vanlege forsikringar, seier han til NRK.no.

Skinn av rev og mink er lukrativt og tjuveri frå pelsdyrfarmar skjer frå tid til anna. Då er det ofte store verdiar som bli vekke.

Seinast i februar vart ein oppdrettar i Gloppen fråstolen 655 skinn til ein samla verdi av minst ein halv million kroner. Takka vere forsikringa unngjekk pelsdyrbonden eit tap på fleire hundre tusen kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot på pelsdyrfarm i Breim

BORTE VEKK: Pelsdyrbonden i Breim som i vinter vart fråstolen fleire hundre reveskinn unngjekk store tap takka vere forsikringa.

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK

Må gjere avtalar kvar for seg

Avtalen har fram til no omfatta ei forsikring av skinn frå dyra vert avliva og fram til skinna vert levert for sal på auksjon.

For frakt av skinn til auksjonsselskapet vert avtalen ført vidare som før.

Etter at Gjensidige trekte seg frå delar av den kollektive avtalen, er det kvar enkelt pelsdyroppdrettar som må forhandle fram eigne forsikringsavtalar.

Lundestad seier denne forsikringa blir dyrare enn dei pelsdyrfarmarane har hatt tidlegare.

– Det får den økonomiske konsekvensen at det er ei dyr forsikring vi no blir tilbydd, seier han og legg ikkje skjul på at han er skuffa.

Tente ikkje lenger pengar

Arne Voll som er informasjonsansvarleg i Gjensidige seier dei ikkje lenger tente pengar på avtalen. Han har ikkje tal på kor mange tjuveri det er i næringa, men seier utviklinga har gått feil veg.

– Dette er ein avtale vi har hatt i mange år, og den einaste grunnen til at vi har avslutta den kollektive avtalen er at risikoen blei for stor.

– Erstatningsutbetalingane stod ikkje i forhold til premien, forklarar Voll.

Pelsdyrnæringa har vore i hardt vêr den siste tida, med skuldingar om dyremishandling på fleire gardar. Voll avviser at forsikringsavtalen vart påverka av det.

– Nei, i dette tilfellet hadde det ingen betydning. Dette er ei risikovurdering vi har gjort over fleire år, og som vi no har valt å gjere noko med ved at vi har avslutta avtalen.