Hopp til innhold

Utan spor i pelstjuverisaka

Etterforskinga av pelstjuveriet i Breim står i stampe, seier lensmann Nils Ove Roset i Gloppen.

Tjuveri av reveskinn frå pelsdyroppdrettar i Breim

PELSTJUVERI: Frå denne låven vart det stole 500 reveskinn.

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK

– Vi har fått inn ein god del tips, men alle er sjekka ut, utan at det har ført til noko. Vi tek gjerne imot fleire tips i saka, seier Roset.

LES OGSÅ: - Dei visste kva dei var ute etter

LES OGSÅ: Sterkt prega etter pelstjuveri

Skinn verd ein halv million

Det var måndag denne veka det vart oppdaga at reveskinn til ein verdi av ein halv million kroner var vekke frå låven til Odd Magne Støyva i Breim. Garden ligg på vegen som går mellom Reed og opp til riksveg 50 over Utvikfjellet.

Det var avløysaren som oppdaga at kjettingen på låvedøra var broten opp, og då Støyva kom til kunne han konstatere at berre to skinn av rundt 500 framleis hengde der dei skulle.

Politiet har førebels arbeidd ut frå at tjuveriet må ha skjedd ein gong mellom 16. og 28. februar. Brotsverket er sjekka opp mot liknande tjuveri i Hallingdal, utan at dette til no har gitt avgjerande spor i saka.