Hopp til innhold

Ho tek over etter Hollevik

Søndag kveld vart Hanne Husebø Kristensen ny gruppeleiar for Flora Høgre.

Hanne Husebø Kristensen

UROA: Den nyvalde gruppeleiaren til Flora Høgre er uroa over konfliktnivået som har vore i partiet.

Foto: privat

- Møtet var over på 25 minutt og eg vart samrøystes valt som ny gruppeleiar, seier Hanne Husebø Kristensen.

Berre ein kandidat
Bjørn Hollevik

TREKTE SEG: Bjørn Hollevik trekte seg før helga som gruppeleiar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Før helga valde Bjørn Hollevik å trekke seg som gruppeleiar for Høgre i Flora.

Han hadde i forkant kalla inn til gruppemøte søndag. Der møtte medlemmene søndag, og Kristensen fortel om eit konstruktivt møte.

- Møtet var konstruktivt og lite konfliktfylt. Det var berre ein kadidat som var lansert som ny leiar og det var meg. Alle dei faste medlemmene i gruppa møtte, minus to som hadde gyldig fråvær. Både Bjørn Hollevik og Jacob Nødseth var på plass.

Er klar for jobben

Kristensen har vore nestleiar i Flora Høgre si bystyregruppe sidan førre val, og ho er også leiar i plan og miljøutvalet i kommunen.

- Det er ikkje noko vanskeleg oppgåve for meg å vere gruppeleiar no når vi lagt forutsetningane for korleis vi skal jobbe, seier ho.

Og den nye leiaren har heilt klare krav til gruppa for korleis dei skal fungere frammover.

Har klare krav

Jacob Nødseth

FEKK TILLIT: Jakob Nødseth kom inn på lokallaget si liste før nominasjonsprosessen i partiet. Men er no ute av den att.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Eg har ei stor oppgåve framføre meg som eg har tenkt mykje på om eg skulle ta på meg eller ikkje. Mange har bede meg om å ta jobben, og eg tek jobben under klare forutsetningar. Dei personkonfliktene som har ført oss dit vi er i dag skal leggast døde, det skal ikkje drivast valkamp i gruppa, men politikk.

Ifølgje Kristensen var gruppa samde om dette.

- Medlemmene gav uttrykk for at alle tenkte det same, at det er behov for ein struktur og ein tanke for korleis vi skal jobbe. Det er ikkje snakk om at nokon er blitt vener, men vi har teke ein vaksen avgjerdsle om at vi må skilje mellom vener og uvener, politisk posisjonering og det å drive politikk.

Langvarig strid

Striden i Høgre har vart lenge, og like før nominasjonslista skulle vere klar torsdag kom det fram at Bjørn Hollevik ikkje fekk plass på lokallaget si liste.

Øvst på den lista stod omstridde Jacob Nødseth.

Hollevik seier til NRK at dette var dropen som fekk han til å trekke seg som gruppeleiar.

Hollevik har derimot fått tillit på fylkesplan og står der som nummer to etter Bjørn Lødemel.

- Flaut å bli assosiert med Høgre

Kristensen er svært uroa over det høge konfliktnivået som har vore.

- Eg er redd for at det har vore veldig øydeleggande for Høgre i Flora og Høgre i heile Sogn og Fjordane. Difor er det viktig at vi no endrar kurs. Det er nok mange høgreveljarar som no går rundt og er litt flaue over å bli assosiert med Høgre og det bråket partiet har stått for.

- Kva meiner du om at Hollevik trekte seg?

- Ved å trekkje seg la Hollevik til rette for at vi no skulle kunne fokusere på politikk. Eg trur at personkonfliktene mellom enkeltpersonar er blitt så vanskeleg at vi ikkje kunne løyse dei gjennom debattar og diskusjonar. Det var naudsynt no å setje strek. Det står respekt av at han trekte seg, seier Kristensen.

- Var det naudsynt?

- Naudsynt og uselsvisk