Hopp til innhold

Politiet ber folk vere obs på e-postsvindel

To personar har kontakta politiet fordi dei har motteke e-postar der dei vert bedde om å stadfeste betalingsdata. Politiet ber no folk vere på vakt.

Skjermdump DNB

ÅTVARAR: DNB åtvarar på sine nettsider om svindelforsøket, og ber kundane om å slette e-posten utan å opne han.

Foto: Skjermdump DNB

– Det er forsøk på svindel så langt som vi har fått greie på, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Like før klokka 12.00 var han i kontakt med to personar i Sogn og Fjordane som har opplevd svindelforsøk.

– Det blir sendt ut e-postar der avsendaren ønskjer at ein går gjennom detaljane og stadfestar betalingsdata. E-posten skal vere utsend frå DNB kundeteneste, fortel Rimmen.

DNB har ikkje sendt ut noko

Men politiet har etter å ha vore i kontakt med DNB, fått stadfesta at banken slett ikkje har sendt ut nokon slike e-postar.

– Oppfordringa frå politiet er at dersom ein ser at ein har fått slike e-postar, så slettar ein desse utan å opne dei, seier Rimmen.

Han presiserer at det ikkje er nokon som helst grunn til å opne denne typen e-postar.

Har vore fleire svindelforsøk

Tidlegare i veka kom det fram at politiet sin logo bli rmisbrukt av svindlarar på nett. Fleire har allereie gått på limpinnen og betalt for å sleppe "at politiet opprettar straffesak mot dei.

Politiet har fått fleire meldingar den siste tida om folk som har vorte utsette for svindel på Initernett. Felles for alle er at datamaskina har vorte infisert med viruset Urasuy.

Dette viruset leier brukaren inn på til dømes pornografiske nettsider, før det så dukkar opp eit skjermbilete der brukaren blir varsla om at han har gjort noko straffbart. Politiet sin logo står på toppen av sida.

Fleire tilfelle av skimmingsvindel

I løpet av dei siste vekene har også nær 30 personar vorte svindla etter at dei har nytta betalingsautaonatane på bensinstasjonar i Vadheim og Gaupne.

I Gaumen har det mest truleg skjedd ved Shell-stasjonen der politiet meiner det har vore montert opp skimmingutstyr.

– Det er beløp til samla sett over 100.000 kroner som vi til no kjenner til at har vorte vekke, seier politiførstebetjent ved Gaupne lensmannskontor, Svein Inge Harberg, til NRK.no.

Denne svindelen går føre seg ved at korta vert avlesne og deretter tappa for pengar i fleire omgangar.