Åtvarar mot «politivirus» på nett

Politiet sin logo blir no misbrukt av svindlarar på nett. Fleire har alt gått på limpinnen og betalt for å sleppe at «politiet opprettar straffesak mot dei».

Virus på PC - krev pengar

MISBRUKER POLITIET SIN LOGO: Politiet har blitt kontakta av fleire som har valt å betale for å sleppe unna straffesak. Men alt er berre svindel og politiet ber folk om å la vere å betale.

Foto: Skjermdump, Malware don't need Coffee

I det siste har politiet blitt kontakta av fleire personar som har blitt utsette for svindel på internett. Felles for alle er at datamaskina har blitt infisert med viruset Urasuy.

Viruset leier brukaren inn på til dømes pornografiske nettsider, før det så dukkar opp eit skjermbilete der brukaren blir varsla om at han har gjort noko straffbart. Politiet sin logo står på toppen av sida.

– Brukaren får beskjed om at datamaskina er blitt blokkert, og at vedkommande kan få låst opp datamaskina si ved å betale inn 1000 kroner, fortel politioverbetjent Odd Arve Solvåg som jobbar med datakriminalitet ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet oppmodar no folk om å ikkje la seg lure.

Låser innhaldet på datamaskina

Kripos har dei seinaste dagane fått fleire meldingar frå personar som har blitt utsette for denne svindelen. Odd Arve Solvåg seier politiet i Sogn og Fjordane fekk dei første meldingane om slik svindel sist veke og at dei også har blitt kontakta av folk som faktisk har betalt.

Den skadelege programvara låser nemleg innhaldet på nettsida og gir brukaren beskjed om at han eller ho har gjort noko gale. Det kan vere til dømes piratkopiert musikk eller distribusjon av ulovleg pornografisk materiale.

– Ved å kjøpe nokre kontantkort som heiter Ukash eller Paysafe kan dei taste inn ein kode på nettsida, og så vil datamaskina bli låst opp etter nokre timar. Om ikkje får dei beskjed om at politiet opprettar straffesak, seier Solvåg til NRK.no.

– Slik driv vi ikkje med

Sjølv om politiet sin logo er brukt på sida er dette altså rein svindel.

– Vi veit at folk har betalt, men vi vil oppmode folk om å ikkje betale.

– Slik straffesakshandsaming driv ikkje politiet med, seier Solvåg til NRK.no.

Han forstår samtidig at folk kan la seg lure sidan politiet sin logo er nytta på sida, men oppmodar folk til å vere kritiske til denne typen informasjon på nett.

Ifølgje nettavisa Computerworld er viruset Urausy slik at dei tilpassar seg offeret sitt språk og land.

– Vi har fått nokre varslar om desse virusa i førre veke, og vi undersøker dei nærare no. Eit liknande virus trefte Nederland ganske hardt tidlegare i haust, seier Kjetil Berg Veire, informasjonssjef I Nasjonal sikkeerhetsmyndighet til Computerworld.

– Bruk virusprogram

Den enklaste måten å unngå svindelen på er å ikkje la datamaskina bli infisert med viruset. Solvåg oppmodar alle om å ha gode virusprogramvarer.

– Det første er å førebyggje, ved å antivirusprogram og oppdaterte system.

– Er ein så uheldig å få det på maskina si, så kan det vere ein må ha hjelp av kunnige folk, seier Solvåg.

Prøver å få oversikt

Solvåg seier politiet no prøver å få oversikt over kor mange som er råka av problemet. Dei som har betalt blir bedne om å melde forholdet.

– Pengane er nok tapte, men vi vil gjerne at dei tek kontakt slik at vi kan få ei oversikt over omfanget, seier Solvåg.

Kripos opplyser på politiet sine nettsider at dei jobbar med ekstern ekspertise for å avdekke korleis den skadelege programvara verkar og finne moglege tiltak.