Hopp til innhold

Fleire bensinstasjonar utsette for skimmingsvindel siste vekene

Politiet trur det kan vere folk som reiser rundt og monterer opp skimmingutstyr på betalingsterminalar. I løpet av dei siste vekene har nær 30 personar blitt svindla etter at dei har nytta betalingsautomatane på bensinstasjonar i Vadheim og Gaupne.

Gaupne bilsenter

SVINDEL: Minst 18 personar har blitt utsette for skimmingsvindel på Shell-stasjonen i Gaupne.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Lensmannskontoret i Gaupne fekk onsdag melding om at minst 18 personar var blitt svindla sist laurdag. Dette har mest truleg skjedd ved Shell-stasjonen i Gaupne der politiet meiner det har vore montert opp skimmingutstyr.

– Det er beløp til samla sett over 100.000 kroner som vi til no kjenner til at har blitt vekke, seier politiførstebetjent ved Gaupne lensmannskontor, Svein Inge Harberg til NRK.no.

Ifølgje Firda er det også mellom ni og ti personar som har blitt svindla etter at dei nytta bankterminalen på bensinstasjonen i Vadheim nokre dagar før.

– Det er grunn til å tru at det er nokon som reiser rundt og at dette ikkje er lokale folk, seier Harberg til NRK.no.

Minst 100.000 er borte vekk

Politiet i Gaupne har allereie vore på stasjonen for å gjere sine undersøkingar. Harberg seier svindelen skjedde på dagtid og at dei trur også skimmingsutstyret kan ha blitt montert opp og ned i dagslys.

– Dette fungerer på den måten at korta blir avlest og deretter tappa for pengar i fleire omgangar, seier Harberg.

Etter at politiet var varsla om svindelen i går kjenner dei no til at minst 18 personar har vore utsette for svindelen og at det samla sett dreier seg om ein sum på over 100.000 kroner.

– Heldigvis har bankane klart å hindre at endå større beløp har blitt tappa ved at dette har blitt oppdaga, seier Harberg til NRK.no.

Trur folk kan ha sett gjerningspersonane

Sidan svindelen har skjedd på dagtid laurdag meiner politiet at det er sannsynleg at fleire kan ha sett dei som står bak.

– Politiet er interessert i tips dersom folk har sett uvedkommande som har vore ved stasjonen og tukla med betalingsterminalen, seier Harberg til NRK.no.

At det har vore påmontert skimmingsutstyr på terminalen er det lite spor av.

– Det er nokre tape og limrestar som tyder på at det har vore noko der.

– Men det er såpass mange personar som har blitt utsette for dette, og vi har ikkje fått tips undervegs. Så det såg nok veldig profesjonelt ut på terminalen medan det var gjort, seier Harberg som meiner det kan ha vore lett å la seg lure.

Distrikta kan vere utsette

Harberg seier til NRK at ut det kan sjå ut til at det er enkelte terminalar som er meir utsette enn andre.

– Slik som i Gaupne, så er det ein ubetent stasjon i helgane. Det er kanskje litt enklare å operere på mindre plassar enn i sentrale strøk, der det gjerne er døgnbemanna stasjonar og meir trafikk, seier Harberg til NRK.no.

Kan ha heldt stasjonen under oppsikt

Harberg vil ikkje gå i detaljar om kva spor dei har etter gjerningsmennene, men seier dei har sikra seg bilete frå overvakingskamera i området.

Dei skal også avhøyre fleire vitne som kan ha sett noko. Den eller dei som står bak svindelen kan ha oppheldt seg i området medan folk brukte korta sine på terminalen.

– Eg trur ikkje dei må stå på stasjonen heile tida, men dei vil truleg vere i område og har gjerne ein viss oversikt. Dette for å sjekke at det ikkje bli avslørt, at det ikkje kjem folk frå stasjonen, politiet eller andre som undersøker pumpene og at dei dermed blir avslørt.

Fleire kort er sperra

Svindelforsøket i Gaupne er det andre på kort tid i Sogn og Fjordane. Den 11. september skal det også ha vore eit liknande tilfelle på bensinstasjonen i Vadheim i Høyanger.

Ifølgje avisa Firda er det minst ni personar som har blitt utsette for svindel her. Ein av dei er Rune Indrebø.

– Eg hadde heldigvis sperra kortet mitt slik at det berre kunne brukast i Norden. Ellers kunne dei ha brukt pengar på kortet heilt til eg sjølv oppdaga deg, og det kunne no tatt litt tid, seier han til Firda.

Signe Grotle i Sparebanken Sogn og Fjordane seier til avisa at dei kjenner til at ni-ti personar har blitt forsøkt svindla etter at dei har brukt kortet sitt på automaten ved bensinstasjonen i Vadheim. Desse korta har banken no sperra, skriv Firda.

Har få spor å gå etter

Lensmann i Høyanger og Balestrand, Atle Førde, seier dei har fått inn to politimeldingar som går på kortsvindel etter at folk har nytta seg av automaten på bensinstasjone i Vadheim. Desse blir no etterforska og Førde seier til NRK.no at dei er rimeleg sikre på at det eine tilfelle er knytt til såkalla skimmingustyr.

Førde seier dei veit lite om kva type utstyr som har blitt nytta.

– Korleis det har blitt montert og kva type utstyr det er, det veit vi lite om sidan det er lite å finne på automaten i ettertid, seier Førde til NRK.no.

Førebels har politiet få konkrete spor å gå etter, anna enn at dei veit at utstyret har vore på automaten den 11. september. Det er heller ikkje montert overvakingskamera ved stasjonen som gir politiet noko å gå etter.

Ber folk vere forsiktige

Fleire politifolk som NRK har snakka med oppmodar folk om å vere merksame på problemstillinga.

– Det er grunn til å gjere folk merksame på at slikt skjer, også her hos oss. Viss folk ser mistenkelege ting knytt til automatane så må dei varsle politiet og eventuelt dei som eig automaten så raskt som mogleg, seier lensmann Atle Førde til NRK.no.

Førde seier vidare at dei førebels ikkje kan seie for sikkert om det er dei same folka som står bak dei to sakene i Vadheim og Gaupne. Han seier samtidig at det er grunn til å tru at det er det.

Politiet er også kjent med at det har vore fleire tilfelle av skimmingsvindel i Hordaland siste tida. Førde seier det er stor grunn til å tru at det er snakk om omreisande kriminelle som reiser frå stad til stad.

NRK har vore i kontakt med dei andre lensmannskontora i Sogn og Fjordane, og det er ingen av dei som til no har fått melding om forsøk på skimmingsvindel i deira distrikt.