Hopp til innhold

– Glad for offentleggjeringa

Tidlegare statsråd i Fornyingsdepartementet, Heidi Grande Røys, er nøgd med at forklaringa hennar til 22. juli-kommisjonen er offentleggjort.

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

TIDLEGARE MINISTER: Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Det har vore min intensjon heile vegen at det eg hadde å sei, og dei svara eg gav til kommisjonen, skulle vera offentlege. Det sa eg til kommisjonen og til statsministeren sitt kontor, og seinare Kulturdepartementet, seier Grande Røys til NRK.

Har fått sterk kritikk

Grande Røys var statsråd for Fornyings og administrasjonsdepartementet frå 2005 til 2009, då ho vart erstatta av noverande statsråd Rigmor Aasrud.

Departementet har fått sterk kritikk for manglande kontroll av sikkerheitsarbeidet i regjeringskvartalet. Dette ansvaret fekk departementet hand om då Grande Røys var minister.

knut arild hareide

– FULL FORVIRRING: Tidlegare leiar i 22. juli-komiteen, Knut Arild Hareide (KrF).

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Forklaringane frå sentrale aktørar som Heidi Grande Røys, viser at det rådde full forvirring i regjeringa om ansvaret for tryggleiken før 22. juli, seier tidlegare leiar i Stortinget sin 22. juli-komité, KrF-leiar Knut Arild Hareide.

I går kveld vart forklaringane frå sju sentrale politikarar til 22. juli-kommisjonen offentleggjort, blant dei tidlegare fornyingsminister Grande Røys frå Florø.

Grande Røys vil ikkje seie offentleggjeringa fritek henne for ansvaret ho hadde.

– Det handlar om at folk skal sjå kva eg har visst, tenkt og sagt til kommisjonen. So må me alle ta eit ansvar for det som har skjedd, og der må eg ta min del av ansvaret, sidan eg var statsråd i fire år. For min del var det viktig at folk skulle få sjå kva eg sa til kommisjonen.

– For du har ingenting å skjule?

– Nei, det har eg absolutt ikkje. Eg har prøvd å gjere mitt beste for at kommisjonen skulle få svar på spørsmåla sine, med det einaste eine føremålet: det at me må gjere ting betre i ettertida for å prøve å unngå at noko slikt vil skje igjen.