Hopp til innhold

Satsa på det intime og lukkast

Turtagrø Fjellfilmfestival satsa i år på ein litt mindre og meir intim festival. Festivalgeneralen meiner dei har lukkast og melder om eit vellukka arrangement i fjellheimen.

Filmframsyning på storskjem med Store Skagastølstind i bakgrunnen på Turtagrø Fjellfilmfestival 2012

SUKSESS: Det var fullt framfor storskjermen når det vart vist film under Turtagrø Fjellfilmfestival denne helga.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I helga vart det for tiande året på rad arrangert fjellfilmfestival på Turtagrø. Med Store Skagastølstind som bakteppe vart det vist ei rekkje filmar på storskjermen utanfor hotellet.

Laurdag kveld samla rundt 100 personar seg framfor utescena for å sjå storfilmen Kon-Tiki under fjellet i Vest-Jotunheimen. Festivalsjef Etti Salomonsen seier stemninga var magisk.

– Det var heilt fullt ute på terrassen og folk sat nedover mot plenen ute og såg på storskjerm med Store Skagastølstind i bakgrunnen.

– Vi hadde stort lerret, så det fylte jo uterommet med mykje film og lyd, seier Salomonsen.

Ville tilbake til det intime

Det er ti år sidan Turtagrø Fjellfilmfestival såg dagens lys for første gong. Sidan har festivalen vakse for kvart år, og i fjor vart det bestemt at Fjellfilmfestivalen skulle flyttast frå Turtagrø til Gjendesheim og Sjoa.

Men på Turtagrø hotell ville dei halde fram med å arrangere Fjellfilmfestival. I år stod dei klare med ein litt mindre, og meir intim festival.

– Vi tenkte at det sikkert var folk som ville vere på Fjellfilmfestival på Turtagrø og, og valte å vidareføre festivalen. Då ville vi også ta det litt tilbake til det vi starta med, det litt meir intime, fortel Salomonsen.

I 2011 var det kring 800 personar som tok turen til Fjellfilmfestivalen på Turtagrø Hotell, og Fjellfilmfestivalen varsla at dei håpa å vekse seg større og trekkje over 1000 besøkjande.

Det hadde blitt eit for stort arrangement for Turtagrø Hotel, sa Salomonsen til NRK i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turtagrø

FJELL I FOKUS: Fjellfilmfestivalen på Turtagrø har natur, fjell og film i fokus. Fjella i området skaper ei magisk ramme rundt festivalen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil heller ha 200 enn 900

I år var det rundt 200 personar som besøkte festivalen på hotellet, og hotellsjefen og festivalgeneralen seier berre talet på gjester gjer at stemninga blir annleis.

– Med 900 personar blir det ei anna atmosfære enn når det er mellom 200 og 300 personar, seier Salomonsen og legg til:

– Vi har heller ikkje ville ha sponsorar og vil det skal vere festivalen som får merksemda og ikkje det at det skal seljast eller promoterast noko.

– Programmet var fantastisk

Under årets festival kunne folk få med seg fleire forskjellige føredrag, fjellturar og fjellfilmar.

Mellom anna heldt Glen Denny fotoføredrag og Harald Dag Jølle fortalde om boka han har skrive om polfararen Fridtjof Nansen.

– Programmet var heilt fantastisk, og vi såg at dei som kom var med på programmet. Dei deltok på filmar, føredrag og konsert og det var eit veldig stor oppmøte på alt, fortel Salomonsen.

Blant dei som var på festivalen i år var kulturminister Anniken Huitfeldt. Ministeren feira ti års bryllaupsdag med å gå turar i fjellet, og når ho likevel var på Turtagrø bestemte ho seg for å opne festivalen.

– Ikkje noko ein skal tene seg rik på

Etti Salomonsen

TRUR PÅ FESTIVAL NESTE ÅR: Etti Salomonsen som er både hotellsjef og festivalgeneral har trua på at det kan bli fjellfilmfestival på Turtagrø også neste år.

Foto: Birger Meland / NRK

Salomonsen fortel at dei i år selde i underkant av 200 billettar, og at dei endelege økonomiske tala førebels ikkje er klare. Men Salomonsen trur ikkje det er snakk om noko økonomisk vinst for arrangøren.

– Vi går ikkje så veldig mykje i pluss dette året, seier ho og legg til at det nødvendigvis ikkje er avgjerande for festivalen si framtid.

– No har vi investert mykje og satsa mykje, så får vi sjå på sikt om det er økonomi i det.

– I utgangspunktet er ikkje dette eit arrangement ein skal tene seg rik på. Her er det fjell, kultur og film som er i fokus.

– Blir det ny festival neste år?

– Det er ikkje konkludert, men eg som dagleg leiar, og den erfaringa eg har no gjer at eg er positiv til å halde fram, seier Salomonsen. Ho seier det er styret som må ta den endelege avgjerda.

Christopher Øien med konsert på Fuglesteg i samband med Turtagrø Fjellfilmfestival 2012

KONSERT: Christopher Øien held konsert for fullt hus inne i fjøsen på Fuglesteg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK