Hopp til innhold

Slik feira ministeren bryllaupsdag

Kulturminister Anniken Huitfeldt legg ikkje frå seg jobben når ho skal feire ti års bryllaupsdag. I staden slår ho to fluger i ein smekk med opning av festival og fjellturar.

Anniken Huitfeldt

KULTUR OG NATUR: Anniken Huitfeldt fekk i pose og sekk når ho feira ti år som gift på Turtagrø i helga.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Huitfeldt og Turtagrø Fjellfilmfestival har minst ein ting til felles denne helga – begge har ti-års jubileum.

Kulturministeren har vore gift med ektemannen Ola Flem i ti år, og feirar det høgt til fjells i Vest Jotunheimen. På ein festival som blir arrangert for tiande gong.

– Vi bestemte oss for å feire med det vi har sakna etter at vi fekk born, nemleg lange fjellturar, fortel ministeren om kvifor ho er nettopp på Turtagrø Fjellfilmfestival.

– Ein heilt unik festival

Turtagrø Fjellfilmfestival vart for første gong arrangert for ti år sidan og er ein av mange fjellfilmfestivalar i Norden. Her samlast mange kreative og friluftsglade sjeler for å vise fram og sjå filmar frå fjellet.

Om seg sjølv skriv festivalen at dei har som mål å fremme friluftsliv og fjellkultur og kulturministeren er blant dei mange som let seg imponere.

– Det er ein heilt unik og spesiell filmfestival, noko utanom det vanlege, seier Huitfeldt og legg til:

– Eg har aldri vore på ein fjellfilmfestival før der publikum og dei som har laga filmane er så tette.

Fjellfilmfestivalen som blir arrangert på Turtagrø i år er litt mindre enn den har vore den siste åra. Dette skuldast at Fjellfilmfestivalen har vakse seg for stor for Turtagrø hotell og at arrangørane her ønskjer å få tilbake litt av det intime preget.

– Den kan eg opne

Filmfestivalen på Turtagrø er ikkje noko festival som kan lokke med raud løpar, men Huitfeldt var aldri i tvil om at det var her ho ville feire ti års bryllaupsdag. Ho og mannen ville reise ein plass der dei kunne gå lange turar i fjellet, og når valet falt på Turtagrø vart det litt meir enn berre fjellturar.

– Då eg såg at det var ein filmfestival her, då sa eg at den kan eg opne når det først er, flirer Huitfeldt.

Og som sagt så gjort. Fredag kveld stod ho på utescena saman med NRK-fotograf Torje Bjellaas og saman har dei fått øra av å opne den tiande fjellfilmfestivalen på Turtagrø.

Serverer kake til paret

Etti Salomonsen

STAS: Etti Salomonsen som er dagleg leiar ved hotellet på Turtagrø og som er sjef for filmfestivalen seier dei skal gjere stas på kulturministeren og ektemannen.

Foto: Birger Meland / NRK

Sjef for filmfestivalen, og dagleg leiar ved Turtagrø Hotel, Etti Salomonsen, seier det er stas å ha så storfint besøk.

– Det var fantastisk at det falt på same dato, heilt utruleg, seier ho om at det er nettopp kulturministeren som opnar festivalen.

Salomonsen lovar at det blir gjort litt ekstra stas på ministeren.

– Vi har ein fantastisk kjøkkensjef som likar å gjere litt ekstra ved slike høver, så han bakar litt til dei som dei får, seier festivalsjefen om feiringa av bryllaupsdagen.