Hopp til innhold

Fjellfilmfestivalen vaks ut av Turtagrø

Sjølv om Fjellfilmfestivalen i Hurrungane går over i historiebøkene, betyr ikkje det at det er slutt på filmfestivalar på Turtagrø.

Fjellfilmfestival på Turtagrø 2011

FESTIVAL: Turtagrø hotell står klar til å starte eigen filmfestival når Fjellfilmfestivalen flyttar over fjellet til Gudbrandsdalen.

Foto: Roger Bareksten

Etter ti år med festival i vest-Jotunheimen, søkjer Fjellfilmfestivalen i 2012 til Gjendesheim og Sjoa.

Men på Turtagrø hotell står dei klare med nok ein ny fjellfilmfestival.

– Turtagrø fjellfilmfestival skal vere eit mindre konsept. Ein kan kanskje bruke ordet intimfestival, der vi satar på eit par hundre deltakarar. Vi vil framleis ha fokus på filmar, men vil også utvikle festivalen til noko meir og kanskje noko anna enn tidlegare, seier Etti Salomonsen, leiar ved hotellet.

For stor for Turtagrø

Fjellfilmfestivalen på Turtagrø såg dagens lys i 2003. Sidan har hotellet og arrangørane av festivalen vakse frå kvarandre. I 2011 var det kring 800 deltakarar, noko som fungerte veldig bra for hotellet sin del.

Men Fjellfilmfestivalen er i ferd med å vekse ut av hotellet.

– Dei ynskjer å bli endå større – over 1 000. Då blir det for stort arrangement å ha her på Turtagrø hotell, seier Salomonsen.

Etter kvarandre

Begge festivalane går avstabelen i september. Turtagrø Fjellfilmfestival først ut den 7. til 9. september. Helga etter står Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim for tur.

– Er det plass til fleire festivalar så nær kvarandre?

– Fjellfilmfestivalar finnast fleire stadar i Norden, og er også gjennomført fleire av her i landet. Eg trur det er berre positivt og at det får ein viss synergieffekt. Med litt ulikt innhald og storleik, så kan vi dra nytte av kvarandre for å dra opp interessa for slike festivalar, meiner Salomonsen.

Framleis i dialog

Salomonsen fortel at Turtagrø Filmfestival kan få noko anna innhald enn deltakarane har vore kjent med tidlegare.

LES OGSÅ: Gjer deg klar for kvite toppar

– Filmar blir framleis hovudfokuset, men det kan bli litt annleis turar, litt annleis føredrag og kanskje ein workshop som endrar seg, seier ho og legg til at dei framleis er i dialog med samarbeidspartnarar.