Arrangementssjef Geir Inge Heggestad meiner å sjå ein viss Karadas-feber herje i saftbygda.
Måndag kveld vart det klart at 31-åringen frå Nordfjordeid
, for spel i svart og kvitt ut sesongen.- LES OGSÅ:
– Vi merkar det i form av auka billettsal dagane etter at Karadas vart klar, slik at det ligg an til ein ny fotballfest i Sogndal med bortimot 5.000 tilskodarar på søndag, seier han.
Godt besøkt kamp
Eidaren fortalde sjølv at han valde Sogndal fordi han
. Og når eit Strømsgodset-lag på sølvplass vitjar Fosshaugane førstkommande søndag, vil 31-åringen truleg få dette stadfesta.Kampen blir Sogndal sin første heimekamp etter at skulane startar opp att.
– Det plar vanlegvis slå ut i store mengder av studentar og skuleelevar, men likevel meiner eg å sjå ein Karadas-feber i Saftbygda, seier Heggestad.
Ny sesongbeste?
Tilsvarande oppgjer i fjor, då motstandar var Start, trekte 4.104 tilskodarar til Fosshaugane. Snittet ligg så langt i år på 3.744 tilskodarar, med Fredrikstad-kampen i slutten som beste kamp med 5.037 på tribunen.
Snittet i fjor var 3.181 tilskodarar. Vestlandsderbyet mot Brann trekte flest tilskodarar då 5.623 løyste billett til oppgjeret.
– No er det onsdag i dag, og med normalt sal inn mot søndag så skal vi ha kring 5.000 selde billettar, håpar Heggestad.