Hopp til innhold

Kvar femte elev følte seg mobba - skulen lovar å ta tak i problema

Kvar femte elev som gjekk i sjuande klasse ved Torvmyrane skule i Florø i vår følte seg mobba. No lovar skulen at dei skal ta tak i problemet.

Mental helse, illustrasjonsfoto

MOBBING: 20 prosent av elevane som i vår gjekk i 7. klassen på Torvmyrane skule i Florø svarte på ja spørsmålet om dei hadde kjent seg mobba dei siste månadene.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

«Har du blitt mobba på skulen dei siste månadene?» Det er spørsmålet som gir bakgrunnen for dei nedslåande tala ved skulen i Florø, skriv Firdaposten.

Undersøkinga baserer seg på mobbetala frå Elevundersøkinga i vår og Dagbladet har fått Conexus til å utarbeide tal for seg.

– For mykje

Torvmyrane skule i Florø kjem dårlegast ut, der 20 prosent av elevane i 7. klasse svara ja på at dei hadde følt seg mobba i løpet av dei siste månadene.

Kommunalsjef i Flora, Guri Langaas, seier dei vil jobbe hardt for å snu den negative trenden.

– Eit kvart tilfelle av mobbing, er eitt for mykje for eleven som vart utsett for det. Alle tilfelle av mobbing er noko vi må jobbe hardt med for å unngå, seier Langaas til Firdaposten.

Også inspektøren ved Torvmyrane skule beklagar dei nedslåande tala. Til avisa Firda seier han at dei sjølv meiner dei ikkje er ein mobbeskule, men at dette er alvorleg og at dei vil ta tak i problema.

Nøgde tiandeklassingar på Sande

Saman med Torvmyrane skule i Florø finn ein desse klassane på den dårlege enden av skalaen. 10. klasse på Askvoll skule der 13.3 prosent sa dei følte seg mobba, medan 12.1 prosent av elevane ved VG1 på Årdal vidaregåande svarte ja på det same.

Dagbladet har rangert rundt 2000 skular på 7. og 10. klassetrinn, i tillegg til første trinn på vidaregåande. Slik det også er i resten av landet er det store skilnader mellom skulane. Nokon har ingenting eller lite mobbing, medan andre har mykje.

Den skulen som kjem best ut her i Sogn og Fjordane er 10. klassetrinnet ved Sande skule i Gaular. Her er det ingen av elevane som har svart ja på spørsmålet om dei har kjent seg mobba dei siste månadene.

Førsteklassen på Firda vidaregåande på Sandane følgjer etter med 1 prosent som svarar ja, medan det i 10. klassen på Gloppen ungdomsskule var 1, 1 prosent som svarte ja.