Hopp til innhold

Skal måle responstida i ein månad

I ein månad framover skal politiet i Sogn og Fjordane måle kor lang tid dei bruker på å rykkje ut.

Politimeister Johan Brekke

RESPONSTID: Politimeister Johan Brekke vil no finne ut meir om kor lang tid politiet bruker frå dei får melding om noko til dei er framme på staden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, seier til avisa Firda at dei no vil undersøkje responstida til det lokale politiet nærare.

I 22. juli-kommisjonen sin rapport fekk politiet krass kritikk fordi dei brukte for lang tid på å kome seg til Utøya der gjerningsmannen skaut rundt seg. Over heile landet har det i etterkant av rapporten blitt diskutert om ein no bør få krav om responstid for politiet, og politiet i Sogn og Fjordane har sagt at dei er positive til dette.

Brekke seier til Firda at dei har eksempel på at ting tek lang tid her i fylket, men at dette per i dag ikkje er noko dei kan lese ut av statistikkane. Dette vil politiet no gjere noko med.

– Difor må vi lage ei registrering der vi kan lese ut av skjemaa kva vi snakkar om i gjennomsnittleg responstid, seier politimeisteren til avisa.

– Vi skal måle tida frå vi får melding til vi er framme, og bruke det vi finn, i forhold til tiltak vi må gjere.

Ei undersøking gjort i fem andre politidistrikt med store skilnader i folketal og geografi synte at politiet i snutt brukar mellom 9 og 10 minutt på å komme seg på plass, også i landsdelar med store avstandar, skriv avisa vidare. Brekke trur ikkje dette er tilfelle i Sogn og Fjordane.

I tillegg til å måle responstida i ein månad skal politiet i dag ha møte i leiargruppa for å diskutere 22. juli-rapporten og i neste veke skal det vere eit nytt møte der også lensmennene og sentrale fagforeiningar er med.