Hopp til innhold

Diktarvegen lagt på is

Det er trist at diktarvegprosjektet har stranda på grunn av økonomien, meiner leiaren for Jacob Sande-selskapet.

Gro Ravnestad intervjuer Margrete Reisæter

SKUFFA: Margrete Reisæter er skuffa over at prosjektet blir lagt på is.

Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK

Det såkalla diktarvegprosjektet er lagt på is. Tanken var å kople i lag arbeid for utbetringar på RV 13 med kulturopplevingar.

Prosjektet, som no heiter fjordvegen, omfattar RV 13 frå Sandnes i Rogaland og Førde i Sogn og Fjordane.

Stranda på grunn av dårleg økonomi

Forfattarar som Jacob Sande, Per Sivle, Olav H Hauge og Arne Garborg, og deira lokale senter skulle vere ryggrada og binde regionane saman.

– Diktarvegen som prosjekt er ei fantastisk oppfinning. Det er eit veldig bra konsept der ein set saman kultur, kunst, oppleving og mat, tilrettelagt langs ein vegstrekning. Det er ein veldig god idé, og eg syns det er trist at denne vegen ikkje førte fram, seier Margrete Reisæter, som er styreleiar i Jacob Sande-selskapet.

Ho seier det er synd at prosjektet no har stranda på grunn av økonomi.

– Å gi opp kampen for ein diktarveg, det vil eg ikkje. Men me må nok finna ein annan veg å gå. Når ein ikkje får pengar, so må ein finna andre måtar å gjere det på, sier Reisæter.

Fleire mål

Då prosjektet vart starta var målet å lage den første litteraturruta i Norge. Arbeidet til forfattarane skulle gjerast synleg på ulike stoppunkt langs turistvegen, og det skulle leggast til rette for utstillingar, og styrke ruta som indre stamveg.

– Her er det snakk om å leggja til rette for både turistar og folk som er interesserte i desse diktarane.

– Men ein har ikkje klart å finansiere dette her, ser du andre måter å drive fram deler av dette prosjektet på?

– Det håpar eg verkeleg. Ein får ikkje med verken fylkeskommune eller kommunar langs strekninga på konseptet. Men det er so mange positive sider med dette her, at ein må berre setja seg ned å finna ut korleis ein kan gå vidare med dette her.