Hopp til innhold

Minister støtta opp om Diktarvegen

- Diktarvegen kan gi fleire høve til å realisere draumar og nye verksemder kan gro fram, sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) under diktarvegkonferansen i Balestrand.

Magnhild Meltveit Kleppa

SNAKKA VARMT: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa opna diktarvegkonferansen torsdag.

Foto: Toyni Tobekk

I 2009 starta arbeidet med å etablere eit felles litteratur- og kulturnettverk med utgangspunkt i forfattarane Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg, som alle vart fødde eller budde langs Diktarvegen.

Torsdag opna diktarvegkonferansen i Balestrand.

- Diktarvegen kan bli eit middel for å nå andre mål, uttalte samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Ministeren la vekt på at Diktarvegen er ein god moglegheit for kommunane langs den indre stamvegen til å vise seg fram. Situasjonen i dag er at kommunane i endane av vegen, Sandnes, Forsand, Strand og Førde har vekst i folketalet - medan kommunane imellom har nedgang i folketalet.

- I den ytre stamvegen er det også andre krefter enn politikken som er naturlege pådrivarar. Difor er det ekstra viktig å gjere indre stamveg sterkare, sa Kleppa ifølgje ei pressemelding frå arrangøren.

Samferdsleministeren var også oppteken av rassikring av utsette strekningar langs Diktarvegen.