Målet er å etablere den første litteraturruta i Norge.
Per Sivle
Diktarveg
Riksveg 13 frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane til Jæren i Rogaland skal få status som diktarveg.
Tre vestlandsfylke og 16 kommunar skal samarbeide om prosjektet. Fem diktarar er ryggrada, og målet er å etablere den fyrste litteraturruta i Norge.
- Dette kan bli ein ressurs for næringslivet i kommunane, seier leiar for Nasjonalt Garborgsenter Einar Schibevaag.
Fem kjende forfattarar
Spor etter fem kjende forfattarar frå Jæren til Sunnfjord skal lose deg langs riksveg 13 - ein av riksvegane som er plukka ut som nasjonal turistveg.
Ei styringsgruppe har som mål å etablere den første litteraturruta i Norge.
Arbeidet til blant andre forfattarane Per Sivle og Jakob Sande skal synleggjerast på ulike stoppunkt langs ruta.
Schibevaag seier det er ein viktig indre stamveg for Vestlandet.
- Det er unikt at vi klarar å skape dette samarbeidet, seier han.
Førebels er dei heilt i startgropa. I midten av april blir det arrangert ein konferanse med fokus på diktarvegen.