Hopp til innhold

– Den ytre sikkerheita er for dårleg

Det er tredje gong på to år at fangar rømmer frå Vik fengsel. No håpar leiinga ved fengselet at den ytre tryggleiken vert betra.

Vik fengsel

STAKK AV: I helga stakk to fangar av frå Vik fengsel.

Foto: Nyhetsspiller

Søndag rømde to fangar frå Vik fengsel etter å ha klatra over gjerdet. Det er tredje gongen på to år.

Klatra over gjerdet

Ein av dei som no reagerar er assisterande fengselsleiar ved Vik fengsel, Egil Rune Andersen.

– Når ein tenkjer på rømningssikkerheita så er ikkje den god nok slik som det er per i dag, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vik fengsel

LETT Å STIKKE AV? Tre gonger har fangar stukke av frå Vik fengsel dei siste to åra.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei to fangane som rømde frå fengselet hadde ingen store problem med å ta seg over gjerdet rundt fengselet.

– Det gjerdet vi har per i dag er eit «avvisningsgjerde», det er ikkje eit rømningssikkert gjerde. Det er 2,3 meter høgt med piggtråd som vender innover. Det er ikkje høgt nok og det er heller ikkje støypt fundament i botnen. Dessutan er maskevidda for stor så det er ikkje klatresikkert, fortel Andersen.

Trur ikkje innbyggjarane er uroa

Sjølv om det er tredje gong på to år at fangar har rømt frå Vik fengsel, trur ordførar Marta Finden Halset likvel ikkje at innbyggjarane i Vik kjenner seg utrygge.

– No har det vore fengsel i Vik i mange generasjonar. Det er klart at ein kanskje kjenner etter om dørene er låst om kvelden, men vi har ikkje noko garanti for noko uansett, så eg trur ikkje det virkar noko til eller frå om det er fengsel eller ikkje, seier Halset.

Tryggleiken er ei utfordring

I mai 2010 rømde to fangar frå fengselet då dei dreiv arbeid på fengselsområdet, og i februar 2011 var det to til som stakk av.

For dei tilsette i Vik fengsel er tryggleiken ei utfordring, fortel Andersen.

– Der er opptil 28 innsette på ein gong med to tilsette som har vakthald. Det er klart at når ein skal ha vakthald ute i luftegarden der den ytre sikkerheita ikkje er god nok, så krever det at vi er på tåhev og passar ekstra godt på. Det er ei belastning over tid når du veit dei kan hoppe over gjerdet på nokre få sekund.

Likevel har kriminalomsorgen avvist kravet frå Vik fengsel om å utbetre den ytre tryggleiken. No håpar Andersen at gårsdagens rømming vil gjere om på vedtaket.

– Det håpar eg og det trur eg. Det må skje. Denne rømminga viser jo at behovet absolutt er der, seier Andersen.