Hopp til innhold

Naboar til Vik fengsel uroa

Næraste nabo til fengselet i Vik er Flatbygdi skule. Etter rømminga for litt over ei veke sidan er rektor no uroa.

Vik fengsel

FENGSEL: I kort avstand frå Vik fengsel ligg Flatbygdi skule med sine 241 elevar. Etter rømminga for halvanna veke sidan er rektor ved skulen uroa.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Når ein i etterkant såg at fangane som rømde både hadde skytevåpen og kniv, så er det klart ein vert uroa, seier rektor Ole Jørgen Øygarden ved Flatbygdi skule til NRK.no.

- Redde for kva som kan skje

Han har ansvaret for over 200 born ved skulen som ligg som næraste nabo til fengselet.

I byrjinga av februar såg to fangar sitt snitt til å stikke av. Midt på lyse dagen hoppa dei over gjerdet, stal ein båt og la ut på Sognefjorden.

Under flukta stal dei to unge mennene to jaktrifler, og då dei vart pågripne hadde dei også fleire knivar i båten dei hadde stole.

- Vi er uroa for kva type fangar som er ved fengselet. Eg har aldri opplevd noko ubehageleg, men vi er uroa for kva som kan skje, seier Øygarden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Båten fangane i Vik stal

STAL BÅT: Dei to fangane som rømde frå Vik fengsel 5. februar stal denne båten og la ut på Sognefjorden. Her fann politiet to jaktrifler og fleire knivar.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Har forståing for uroa

Også i fjor vår stakk to fangar av frå fengselet, og fengselsleiar Roy Stadheim har sagt at fengselet har fått tøffare innsette med åra.

- Eg forstår at folk vert uroa. Men då fangane som rømde for halvanna veke sidan vart pågripne hadde dei ikkje med seg våpna. Dei låg att i båten og vart ikkje brukt til å true med, seier Stadheim.

Ved fengselet har dei no gått igjennom rutinane sine for å hindre at slikt skjer. Dei seinare åra har fengselet fått innsette med store rusproblem og psykiske lidingar.

Det er difor viktig for fengselsleiinga å styrke helsetilbodet til desse slik at dei finn seg betre til rette.

- Vi ønskjar å låse folk ut i ein betre tilstand enn då dei kom inn. Eit godt helsetilbod kan gjere dei betre rusta til å ta hand om seg sjølv, og det vil minske risikoen for rømming, seier Stadheim.