Hopp til innhold

Fangar rømde frå Vik fengsel

To varetektsfengsla menn i 20-åra rømde fredag ettermiddag frå Vik fengsel.

Vik fengsel

Fangane dreiv arbeid i fengselsområdet då dei rømde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei to fangane dreiv arbeid på fengselsområdet då dei rømde like før klokka 14 i ettermiddag. Like før klokka 20 vart dei pågripne i Vik sentrum. Mennene vart ikkje skildra som farlege av politiet.

- Dei vart pågripne ikkje så langt frå Vik sentrum. Vitne observerte to personar dei meinte oppførde seg merkeleg og varsla fengselet, seier lensmann i Vik, Ove Andersen.

Har debriefing

Mennene vart pågripne i skogen ovanfor nokre hus i Vik. Den første vart pågripen om lag klokka 19.45. Nokre få minutt seinare vart også den andre rømlingen pågripen.

- Dei er no transportert attende til fengselet der dei blir låst inne. Mennene skal avhøyrast, men no skal det vere ein debriefing på fengselet for å gå gjennom kva som har skjedd, seier lensmannen.

Søkte i fleire timar

Ifølgje fengselssjef Roy Egil Stadheim har dei to karane klypt gjerdet rundt fengselsområdet. Dei to var arbeidsplassert på verkstad og har der fått tilgang til verktyet som dei nytta under rømninga.

Mellom ti og 15 personar frå politiet og Vik fengsel søkte i fleire timar etter rømlingane før dei vart pågripne. Også politiet i Hordaland, der den eine er busett, vart varsla.