Hopp til innhold

Høyangermann får ansvar for sikkerheita i regjeringskvartalet

Høyangermannen Morten H. Rørvik er den nye sikkerheitsdirektøren i Departementenes Servicesenter.

Rigmor Aasrud går gjennom regjeringskvartalet

STORT ANSVAR: Den nye sjefen skal vere med på utviklinga av det nye regjeringskvartalet etter at terroråtaket i fjor sommar øydela deler av området.

Foto: Marius Helge Larsen / NRK

Han skal mellom anna ha ansvaret for tryggleiken i regjeringskvartalet, som vart øydelagt av terrorbomba 22. juli i fjor, skriv avisa Ytre Sogn. Rørvik seier han har ein utfordrande jobb i vente.

– Det er med forventning eg tek til i jobben, men eg er også audmjuk. Med 22. juli friskt i minne, er det eit stort ansvar for avdelinga, seier han til NRK.no.

Ansvar for fysisk sikring

Morten H. Rørvik

NY JOBB: Morten H. Rørvik har fått ein viktig jobb som ny sikkerheitsdirektør.

Foto: Pressefoto

Rørvik har tidlegare vore konserntryggingssjef i Statkraft. Han har også arbeidd i Luftforsvaret og Forsvarsdepartementet.

Han skal vere leiar for tryggleiksavdelinga med omlag 200 tilsette, som inneber den fysiske sikringa av regjeringskvartalet, høgsterett og ein del andre statlege bygg. Men jobben består også av å vere med på utviklinga av den nye regjeringskvartalet.

– Det er kanskje den oppgåva som får størst fokus i tida framover.

Ventar stort press

Han seier det er ein utfordrande jobb han har i vente. Rapporten til 22. juli-kommisjonen kjem i august. Rørvik og resten av teamet får eit stort press og fokus på seg framover.

– Det var også noko eg måtte ta med meg då eg valde å seie ja til denne jobben, seier han.