Hopp til innhold

Kulturinstitusjonar får avslag på søknadane fordi dei er for dårlege

Fylkeskommunen måtte i år avslå om lag halvparten av søknadane om tilskot til kulturbygg og idrettsanlegg i fylket. Søknadane var rett og slett for dårlege.

Mona Hjartholm og Kjersti Hjartholm

ENDELEG I BOKS: Mona Hjartholm (til venstre) og Gøril Sætre i Haugartun grendelag er glad for at kjellaren endeleg er ferdig, og tilskotet er kome på kontoen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

For dårlege søknader gjer at fylkeskommunen må nekte mange tilskot til kulturbygg og idrettsanlegg i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen returnerte i år halvparten av søknadane.

Godkjend på tredje forsøk

Haugartun grendelag i Gulen er ein av dei som fekk godkjent søknaden sin i år. Men det var først på tredje forsøk.

I 2009 bestemte Mona Hjartholm og systera Kjersti i Haugartun grendalag, seg for å pusse opp kjellaren i det gamle skulehuset i bygda Takle i Gulen. Den gamle skulen har stått til nedfalls i 30 år. Dei tok opp eit lån på 300 000 kroner og klarte å engasjere sambygdingar til dugnad.

Like etter at dei tok opp lånet kom søknaden om tilskot i retur frå Fylkeskommunen. Den var ikkje god nok.

– Det var ein periode her på det verste der eg mista motet litt, og tenkte kva i all verda er det vi har gitt oss ut på? Eg reiv meg i håret og tenkte, klarar vi dette? seier Hjartholm.

For eit par dagar sidan fekk systrene godkjend søknaden, og omsider kan dei puste letta ut. Tilskotet på 600 000 kroner er kome på kontoen, og dei er ferdig med den nye kjellaren.

– Kvaliteten er for dårleg

Det er ingen tvil om at fleire kulturbygg treng oppussing, og fylkeskommunen oppfordrar folk til å søke om tilskot.

Fylkeskommunen har 3,5 millionar kroner som det er mogleg å søkje på. Tolv søknadar på tilskot til lokale kulturbygg vart send inn i år, men berre fem av dei vart godkjende. Søknadane om tilskot til idrettsanlegg som kom inn til fylkekommunen ber også preg av å ikkje vere ferdige. Her var det ein av sju som ikkje fekk godkjent søknaden sin.

Lars Grøteide, assisterande fylkesdirektør for kultur, fortel at det stort sett gjeld knytekrav om vedlegg.

– Enkelte sagt så kan ein seie at kvaliteten på søknadene ikkje har vore god nok, seier Grøteide.

Han meiner dette skapar eit dilemma, for fylkeskommunen ønskjer at flest mogleg skal få godkjend søknadane sine. Di fleire søknader som vert godkjende, di meir aukar tilskotet frå kulturdepartementet.

Sviktar i kommunane

Kommane har også eit ansvar, seier Grøteide. Dei skal godkjenne søknadane før dei blir send til fylkeskommunen. Det er her det sviktar i mange tilfelle.

Stryn kommune er den kommunen som har fått det best til, og fekk godkjend begge søknadane dei vidaresendte i år. Myrtel Thomassen, kultursjefen i kommunen meiner det ikkje er så vanskeleg å lage ein fullstendig søknad.

– Du må nesten vite om prosedyrar, og vite korleis du gjer dette her i forhold til elektronisk søknad, slik at den som då er i posisjon til å søke veit å få den hjelpa dei treng til å få alt dette her på plass. Så erfaringane tilseier vel at det ikkje er så mange som er trygge på prosessane rundt dette, seier Thomassen.

– Ikkje la vere å søke

Lars Grøteide i fylkeskommunen forstår godt at det kan vere slitsomt å få avslag på søknaden sin, men seier at det ikkje er nokon grunn til å la vere å søke.

– Det betyr berre at dei ikkje må miste motet, og så må dei dessverre vente eit heilt år til neste tildelingsrunde. Det er ikkje nokon større konsekvens enn det.