Hopp til innhold

- Dei raudgrøne instruerer kulturlivet

Teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater er redd for sjølvråderetten til kulturlivet.

Terje Lyngstad

REFSAR DEI RAUDGRØNE: Teatersjef Terje Lyngstad mislikar statlege føringar for kulturlivet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han meiner Staten legg stadig tydelegare føringar for kva program kulturinstitusjonar skal tilby.

– Den raudgrøne regjeringa er i ferd med å vatne ut eit viktig prinsipp om sjølvråderetten til kulturlivet. Kunsten må vere fri, seier Lyngstad.

– Raudgrønt politisk prosjekt

– Eg opplever at det har skjedd ei endring dei siste åra, eg vil vere så direkte at eg meiner det er knytt til det raudgrøne politiske prosjektet. Eg opplever at dei på den eine sida er veldig generøse med midlar, men samstundes er opptekne av å instruere institusjonane i sterkare grad om kva vi faktisk skal gjere.

Akkurat no held Sogn og Fjordane Teater på med prøvene på ei ny barneframsyning. Men i kor stor grad skal staten vere med på å påverke om dette stykket skal setjast opp eller ikkje?

Dette prinsippspørsmålet meiner no teatersjef Terje Lyngstad det er nødvendig å reise. I årets tilskotsbrev til Sogn og Fjordane Teater står det:

"Kultursektoren vil spille en viktig rolle i markeringen og feiringen av 200-årsjubileet for den norske grunnloven i 2014. Det forventes at kulturdepartementets tilskuddsmottakere setter i gang arbeid med å planlegge prosjekter og arrangementer i tilknytning til jubileet".

(Artikkelen held fram under biletet).

Sogn og Fjordane teater

YNSKJER FRIE HENDER: Sogn og Fjordane Teater skal ikkje styrast politisk, meiner teatersjefen.

Foto: NRK / NRK

– Høgresida har vore flinkare

Også feiringa av 100 år med røysterett for kvinner skriv departementet at kultursektoren bør delta i. Dette meiner Lyngstad strir mot prinsippet om at kulturlivet skal vere fritt.

– Kunst og teater bør vere fritt for instruksjon frå politikarane. Vi kan kome i den situasjonen at det finst styre som vil at vi skal jobbe med visse etiske og moralske problemstillingar som ikkje alle likar.

– Som sosialdemokrat må eg vedgå at høgresida i politikken har vore mykje flinkare til å halde fingrane av fatet.


Teatersjefen har sjølv vore aktiv lokalpolitikar for Arbeidarpartiet, men han likar ikkje blanding av politikk og drama.

– På 1970-talet hadde vi nærast eit AKP m-l-teater. Vi vil ikkje tilbake dit heller.

Og Lyngstad får støtte frå styreleiar i Norsk teater og orkesterleiing, Bernt Bauge. Også han meiner det er viktig å hegne om prinsippet om at regjeringa ikkje skal legge seg opp i kva program kulturlivet skal tilby.

– Dette er eit hevdvunne kulturpolitisk prinsipp som er krystallklart nedfelt i Kulturlova, at kulturinstitusjonar skal ha full økonomi i si programmering.

Kjersti Stenseng, ny leiar Oppland AP

FORSVARAR STYRING: Politisk rådgjevar Kjersti Stenseng i Kulturdepartementet.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Naturleg med tydelege føringar

Politisk rådgjevar i Kulturdepartementet, Kjersti Stenseng, seier dei har auka løyvingane til kultursektoren. Difor meiner regjeringa det også er naturleg med tydelege føringar.

– Nettopp i periodar med så sterk vekst er det tydeleg å vise korleis pengane blir brukte, og at det er vel anvende pengar.

Ho støttar prinsippet om sjølvråderetten til kulturinstitusjonane. Men ho meiner deira føringar ikkje bryt med dette prinsippet sidan dei som kan begrunne det kan sleppe å følgje føringane.

– For å ta grunnlovsjubileet som eit eksempel så er det eit jubileum som har så mykje å seie for heile nasjonen at vi inviterer institusjonane til å vere med og bidra slik at alle kan få delta i jubileeet. Der det er problematisk å få det inn i programmet kan dei grunngje kvifor.

– Ikkje dei raudgrøne sine pengar

Men Lyngstad meiner auka løyvingar ikkje er eit argument for at regjeringa skal få bestemme meir.

– Det er ikkje dei raudgrøne sine pengar, det er skattebetalarane sine, det vil seie våre pengar. Difor må dei vere varsame med å legge føringar om at no skal vi begynne med mangfald og integrering og legge det inn i kunsten og lage klamme politiske teaterstykke.