Hopp til innhold

Trur kulturmidlane frå øl-overskotet ikkje blir erstatta ved nedlegging

Bjørn Nordberg, i Førde Høgre, er klar på at kommunen vil dekke inn kulturmidlane Førde Ølutsal i dag genererer, dersom ølmonopolet blir nedlagt. Det tvilar både Raudt-leiaren og leiaren i Førde Idrettslag på

Inngangsdørene til Førde ølutsal

Førde Ølutsal genererer i dag 800.000 kroner til ulike lag og organisasjonar. Leiar i Raudt Førde, Knut Solberg, trur desse vil forsvinne ved nedlegging.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Akkurat no skal kommunen spare inn 20 millionar på 2012-budsjettet. Då skal det godt gjerast å dekke inn kulturmidlane, meiner Ove Farsund.

Han er leiar i Førde Idrettslag, og får årleg 200.000 i kulturmidlar frå Førde kommune, der ein stor del av summen kjem frå øloverskot.

– Som leiar for Førde Idrettslag synest eg det vil vere ein klar fordel å behalde dagens ordning. Det genererer gode pengar til kultur og idrett i kommunen, seier Farsund.

Årleg går like over halvparten av overskotet frå Førde Ølutsal til ulike lag og organisasjonar i Førde kommune. Desse kulturmidlane er på rundt 800.000.

Dersom forslaget om nedlegging av Førde Ølutsal får fleirtal i Førde Bystyre, fryktar fleire at kulturmidlane vil renne ut i sanden.

Bjørn Nordberg

Bystyremedlem for Førde Høgre, Bjørn Nordberg, meiner ølmonopol er forelda. Han håper det blir fleirtal for nedlegging når saka skal opp i Førde Bystyre seinare i år.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Nordberg: – Skal erstattast

Førde Ølutsal er i dag det siste gjenlevande ølmonopolet i Noreg. I Vefsn og Fauske i Nordland er det òg ølmonopol, men desse er drivne privat.

Kvart fjerde år bestemmer Førde bystyre om ølmonopolet skal halde fram, eller om det skal opnast for sal i daglegvarehandlane. I 2008 fekk daglegvarebutikkane avvist søknadene om alkoholsal, og Førde Ølutsal er framleis einaste tilbydar av alkohol under 4,7 prosent i Sogn og Fjordane sin største by.

– Førde er snart den siste staden i landet utan øl i butikkane. Øl er ei lovleg vare, så modellen vi har her i Førde er ganske pussig, seier Bjørn Nordberg.

Nordberg er politikar i Førde Høgre og medlem i bystyret. Dersom Høgre og Frp i Førde får viljen sin, og ølmonopolet blir nedlagt, meiner Nordberg at kulturmidlane skal kunne dekkast inn på nye måtar.

– I dag har Førde kommune eit kulturbudsjett med gåvetildeling, pluss det vi får frå ølutsalet. På eit stort budsjett skal vi klare å finne ut av kulturmidlane. Kva det går utover, det veit eg ikkje, men det skal erstattast.

– Men dersom butikkane får selje øl, får dei auka omsetning. Det kan vere positivt, legg Høgre-veteranen til.

(Saka held fram under bildet)

Knut Solberg

Leiar i Raudt Førde, Knut Solberg, fryktar Førde vil lide same skjebne som Florø. I Florø lova butikkane å dekke inn kulturmidlane ølmonopolet hadde generert. Fem år etter nedlegginga i 2001, var det derimot fullstendig stopp.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Samanliknar med Florø

I motsett ende på den politiske aksen finn ein Raudt. Partiet er ikkje lenger i bystyret, men leiar Knut Solberg i Raudt Førde er framleis klokkeklar på kva han meiner.

– Eg meiner ølpolet bevarast. Overskotet frå ølomsetninga bør gå tilbake til folket i Førde. Overskotet skal ikkje gå i handelsstanden sine lommer, seier Solberg.

Ved nedlegging, trur han ikkje kommunen vil kunne dekke inn midlane får dagens øloverskot. Raudt-leiaren samanliknar dagens situasjon med Florø i 2001.

– Ein såg korleis det gjekk i Florø. Monopolet blei lagt ned, med lovnader frå butikkane om å dekke inn det ølmonopolet genererte av kulturmidlar. Det skjedde ikkje.

(Saka held fram under bildet)

Førde Ølutsal

Ei positiv følgje av ølmonopolet er betre utval, medan høgare pris er ei av dei negative sidene. Bildet er frå Førde Ølutsal.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Trur alkoholsalet vil auke

Kulturmidlane er eit stort argument frå dei som vil behalde ølmonopolet. Solberg i Raudt meiner derimot mykje anna negativt vil følgje om butikksal no blir lov.

– Ja, eg trur det vil bli ein markant auke. Når pilsa går frå å bli selt på eige ølutsal, til å bli selt saman med mjølk og brød, så blir det enklare å ta med seg pilsa.

– I staden for eitt brød og to liter mjølk, kjem folk til å ta med seg eitt brød og to pils. For dei svakare sjelene blir det mindre krefter å bruke for å få tak i alkohol, meiner Solberg.

Bjørn Nordberg i Høgre trur òg salet vil auke, men av litt andre grunnar.

– Salet vil nok auke litt, for i dag er det ein god del menneske som reiser til nabokommunane for å handle øla. Det har litt med pris å gjere. Ølutsalet lev av å selje øl, og tek då ein høgare pris enn det butikkane kan gjere, seier Nordberg.

– Er pris så viktig?

– Ja, pris er viktig for folk, meiner Høgre-politikaren.

Raudt Førde-leiaren klarer derimot ikkje å sjå prisargumentet.

– Ølpolet tek ein høgare pris, men inntektene går tilbake til folket i Førde. Då betyr det ingenting for min eigen del å betale 20 kroner meir for seks pils, nikkar Solberg, som òg trekk fram eit betre utval ved ølutsal.

– Fleire å forhalde seg til

Aldersgrense på alkohol

Høgre-veteran Bjørn Nordberg seier lovene og reglane er dei same for daglegvarehandlar og ølutsal.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Eit anna argument Solberg dreg fram, er at kontrollen på kven som får kjøpe alkohol blir dårlegare, dersom ølsalet blir flytta frå eige utsal til daglegvarebutikkane.

– Kontrollane er strammare med ølpol. Når ein berre har ein stad å forhalde seg til, blir det vanskelegare å få tak i øla for dei som ikkje er gamle nok.

Høgre-veteran Nordberg påpeiker derimot at lovene vil vere dei same.

– Reglane vil bli dei same for butikkane som for ølutsalet. Altså, det blir fleire å forhalde seg til, men om det skjer noko vil det bli slått hardt ned på, seier Nordberg.

Varig vern?

Tidlegare har Solberg i Raudt uttalt at Førde Ølutsal, som siste gjenlevande kommunale ølmonopol, burde bli brukt som Førde-reklame. På internett debattsida Fjordaglimt.no, har han debattert for varig vern.

Dette meiner Nordberg berre er tøys og tull.

– Eg synest ikkje noko om at ølutsalet skal vere ein attraksjon. Då er det ganske mykje som bør vere attraksjon. Eg meiner det bør leggjast ned.

Han meiner ølmonopol har mista sin funksjon. Solberg derimot må le når han høyrer argument som «traurig» og «bakstreversk».

– Folk meiner vi er det, men eg synest det er morosamt å seie til folk at dei må gå på ølpolet. I staden for å legge ned, kan vi gjere meir ut av det. Det er spesielt, men vi har alltid vore spesielle her.

(Saka held fram under bildet)

Førde Ølutsal

I 2008 fekk ølmonopolet halde fram i fire nye år, med 17 mot 10 stemmer i Førde Bystyre. I 2012 skal det endå ein gong opp til vurdering. Får Førde Ølutsal halde fram til 2016?

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Fell på enkeltrepresentantar

Førde Ølutsal har selt øl sidan 1983. Den gongen var det flust med ølmonopol i Noreg. No er det berre tre igjen.

Sist gong det vart bestemt at Førde Ølutsal fekk halde fram som einaste tilbydar, var i april 2008. Den gongen vart det avgjort med 17 mot 10 stemmer.

Sidan den gongen har Høgre blitt største parti i Førde kommune, og både Høgre og Frp er programfesta imot ølmonopol. Til saman har dei to partia 10 av 27 representantar i bystyret.

– Vi og Frp har det programfesta. Dei fleste andre partia stiller kandidatane fritt. For å få fleirtal treng vi fire stemmer, seier Nordberg.

Solberg i Raudt har tidlegare vore sikker på fleirtal for ølmonopol. No er han derimot usikker.

– Sannsynlegheita for nedlegging har aldri vore større, men eg trur det vil bestå. Eg trur ikkje Høgre og Frp får med seg eit fleirtal i bystyret.

Han trur debatten framover vil bli klin lik tidlegare år.

– Det blir nøyaktig det same. Det er same partia, med dei same meiningane og argumenta. Den einaste forandringa er stemmefordelinga. Eg trur det står og fell på enkeltrepresentantar, og om nokon bryt ut frå partiet sitt standpunkt, avsluttar Solberg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kva meiner du? Sei meininga di i kommentarfeltet under.