Hopp til innhold

Halvorsen på veg til Fredrikstad

Sogndal-spelar Ole Jørgen Halvorsen blir etter alt å dømme Fredrikstad-spelar i løpet av kort tid. Klubbane skal allereie vere einige om overgangssum.

Ole Jørgen Halvorsen i Songdal sin treningskamp mot Førde 20. januar

TIL FFK: Ole Jørgen Halvorsen er etter alt dømma Fredrikstad-spelar i god tid innan seriestart.

Foto: Arve Uglum / NRK

Etter det NRK kjenner til er Fredrikstad i ferd med å skaffe seg pengestøtte frå investorar som gjer at dei kan betale det Sogndal krev for å sleppe spelaren som har kontrakt ut 2012.

Klubbane skal ha vore einige om overgangssummen ei god stund, men Fredrikstad sin dårlege økonomi gjer at dei korkje har pengar til å kjøpe eller løne spelaren.

Pengar utanfrå

Østfold-klubben har gått frå krise til krise økonomisk, men skal gjennom investorar utanfrå vere i ferd med å skaffe pengane som trengst. Dermed kan overgangen bli fullført i løpet av dei næraste dagane.

Korkje dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal, Halvorsen sjølv eller agenten hans Tore Pedersen vil i dag kommentere noko som helst rundt Halvorsen si framtid. Sportssjef i Fredrikstad, Joachim Jonsson har ikkje vore tilgjengeleg på telefon i dag.

Det har lenge vore kjent at Sarpsborg-guten Halvorsen ynskjer seg tilbake til heimfylket, at Fredrikstad gjerne vil ha han og at Sogndal er villige til å selje til ein pris dei meiner er rett.

Får mindre enn dei gav

Halvorsen kosta Sogndal om lag 800.000 kroner då han kom frå Sarpsborg hausten 2009. Sidan den tid har han spelt 75 kampar og bidrege med 21 mål i Sogndal. Seks av dei kom i eliteserien i fjor, då Halvorsen sin sterke vårform var eit viktig bidrag i å halde Sogndal flytande.

Etter det har formen vore dårlegare og det, i kombinasjon med at dette er siste sjansen til å få att pengar for han, gjer at Sogndal er villige til å selje. Sogndal treng å styrke forsvaret sitt, men har samtidig vore tydelege på at spelarar må ut før nye kan kome inn. No tyder alt på at Halvorsen blir spelaren som går ut.

Etter det NRK forstår er overgangssummen som er avtalt lågare enn dei 800.000 kronene Sogndal betalte for Halvorsen i 2009.