Hopp til innhold

- Var så glad at eg grein

Thea Hjelmeland frå Førde fekk terningkast fem i fleire aviser og vart så glad at ho tok til tårene.

Thea Hjelmeland på bylarm 2012

PÅ by:LARM: Thea Hjelmeland på konserten torsdag.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Bergens Tidende tok fram femmaren på terningen sin for konserten hennar torsdag, og samstundes har Aftenposten og VG gitt henne terningkast fem for plata «Oh, the third..»som ho lanserte på by:Larm.

Thea Hjelmeland med avisomtale

ENDÅ EIN FEMMAR: Thea Hjelmeland har mykje å glede seg over.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Gjekk rundt i Oslos gater og grein

Og dagen derpå er det ei strålande nøgd Thea Hjelmeland som sit i lobbyen på Hotel Christiania og les aviser.

– Det er over all forventning. Eg er berre kjempeglad, eg veit ikkje heilt om eg har forstått det. Eg sov dårleg i natt, for eg var så nervøs. Eg vakna klokka fem og så igjen klokka sju, og då måtte eg berre stå opp.

– Då gjekk eg ut og kjøpte aviser, og etterpå gjekk eg rundt i Oslos gater og grein litt.

LES OGSÅ: Framskundar plateslepp etter by:Larm-invitasjon

LES OGSÅ: Her kan du sjå Julelutt direkte

HØYR OGSÅ: Atle Bredal i NRKP1 melder Thea Hjelmeland
- Variert plate med fine låtar, seier Atle Bredal i NRK P1 som gir plata 8 av 10 poeng.

– Ante du kva som kom av tilbakemeldingar etter konserten?

– Eg syntest det gjekk kjempefint på konserten. Det var første gongen eg spelte med musikarar sidan eg spelte med bandet mitt i vidaregåande, og det gjekk over all forventning. Publikum var heilt fantastisk.

– Det er aldri lett å vite kva inntrykk andre har, sjølv har eg store forventningar, og eg har jobba veldig lenge for det. Eg syntest det gjekk veldig fint, men det var utruleg kjekt å få denne konsertanmeldelsen i BT.

Hadde taket på publikum

For Thea Hjelmeland hadde tak på publikum så og seie frå første strofe, og sjølv seier ho at det var ei stor oppleving.

– For det første var det fem-seks fotografar framfor scena, det tok berre eilt av, det var heilt merkeleg. Men det var veldig kult, eg hadde ikkje venta det, så på første låten var eg sett litt ut, for eg var ikkje førebudd på det.

– Men eg syntest det var ei stor oppleving, det var eit lydhøyrt publikum. Eg var kjempenervøs før konserten, men eg fekk roa på scena, og eg hadde god kontakt med dei to musikarane, og vi spelte godt i lag. Ein veldig spesiell kveld.

(Artikkelen held fram under artikkelen).

Sjå

Video Innslag i Vestladsrevyen om Thea Hjelmeland

Innslag i Vestlandsrevyen om Thea Hjelmeland