Hopp til innhold

Her kan du sjå Julelutt direkte

Video Julelutt 2011 - Direkte frå Førdehuset

Julelutt 2011 - Direkte frå Førdehuset

Laurdag 26.november er det klart for eit av dei største arrangementa med musikk frå Sogn og Fjordane. Artistar frå heile fylket deltek med nokre av sine flottaste låtar, og Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane vert delt ut.

Sendinga startar klokka 1800, men det er oppvarmingshow frå klokka 1745.

Det er elevar frå medialinja ved Sogndal vidaregåande skule som produserer tv-sendinga.

Det skjer i Førdehuset

Artistar som Åshild Mundal, Iselin Solheim, Liv Kreken, Ola Weel Skram, Thea Hjelmeland, Tonereise, Spik Adel, Oddvar Torsheim og Luttkoret er på plass i Førdehuset.