Hopp til innhold

Framskundar plateslepp etter by:Larm-invitasjon

Eigentleg skulle Thea Hjelmeland sleppe plata si i mars/april. No vert platesleppet framskunda med nær to månader for å bli klar til by:Larm.

Thea Hjelmeland backstage under Julelutt 2011
Foto: Øystein Torheim

Førdejenta er handplukka til å delta på bransjetreffet by:Larm i Oslo i byrjinga av februar neste år. Det har sett fart på plateutgjevinga hennar.

– Det er veldig kjekt. Eg er veldig stolt og det er ei veldig god anerkjenning, seier Thea Hjelmeland.

Har prøvd i fem år

Ho legg ikkje skjul på at det er ein mangeårig draum som går i oppfylling. Det er to måtar å få spele på by:Larm på.

Anten kan ein levere ein demo og håpe at ein vert plukka ut av ein jury som består av bransjefolk. Den andre måten er å bli invitert til å spele av by:Larm sjølv.

Demoplate har Hjelmeland sendt inn kvart år dei siste fem åra, utan at ho har vorte plukka ut. Så ho vart litt overraska då telefonen ringde.

– Eg hadde nemleg ikkje høyrt noko om den demoen eg hadde sendt inn, og eg såg at andre artistar hadde vorte plukka ut. Eg var budd på å prøve att neste år, så dette var ei gledeleg overrasking, seier Hjelmeland.

Sjå Thea Hjelmeland i Julelutt

Video Julelutt 2011 - Direkte frå Førdehuset

Her kan du sjå Thea Hjelmeland då ho deltok på Julelutt 2011 i Førdehuset.

Ei hjelp på vegen til å slå igjennom

Ho trur framferd på by:Larm kan vere eit steg på vegen til å slå verkeleg gjennom som musikar.

– By: larm er eit bransjetreff der ein spelar korte konsertar. Det er ei gyllen moglegheit til å knytte gode kontaktar og mykje positiv merksemd. Det kan vere god hjelp på vegen til å slå gjennom, seier Hjelmeland.

På by:Larm skal ho spele med kontrabassist Ellen Andrea Wang (frå Dag Arnesen Trio og Syn-koke) og trommeslagar frå the Real Ones, Kåre Opheim.

– Eg har ikkje spelt med musikarar på fleire år, så eg skal førebu meg til by: larm ved å spele med dei, seier Hjelmeland.

No er ho i full gang med å lage platecover til den nye plata si.

Må bruke sjansen godt

Musikksjef i NRK P3, Mats Borch Bugge, seier på generelt grunnlag at det å spele på by:larm ikkje er nok i seg sjølv for å slå gjennom.

– Klart det er eit klapp på skuldera å bli spurt om å spele. Men det er veldig mange som får halde konsert på by:Larm. Det er ikkje nok å vere på programmet, seier Borch Bugge.

Mats Borch Bugge

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge.

Foto: NRK

Han legg til at for å få maksimalt ut av ei slik deltaking, må ein evne å skape noko på førehand, slik at dei rette folka kjem og høyrer på.

– Dette er eit bransjetreff, og nøkkelen til å lukkast, er å skape noko som gjer at dei rette folka kjem for å sjå og høyre, òg at du leverer noko som gjer at dei snakkar konserten i ettertid, seier Borch Bugge.

Han trekkjer fram eksempel som Susanne Sundfør som fekk sitt definitive startskot på karriera på by:Larm i Tromsø i 2006.

– Det same gjalt for Briskeby for 11 år sidan. nokon gjer det så godt på by:larm at det opnar dørar, seier Borch Bugge.