Hopp til innhold

Milliardane forsvinn med straumen

Sogn og Fjordane er mellom landets største kraftfylke, men berre ein brøkdel av verdiskapinga blir att i fylket.

Tyin kraftverk - kraftstasjon i Årdal

TYIN: Kraftstasjonen i Årdal er berre eitt av mange kraftverk som har eigarar utanfor fylket. Tyin kraftverk blir eigd og driven av Hydro Aluminium/Hydro energi som er dotterselskap i Norsk Hydro-konsernet.

Foto: Ragnvald Søgnesand / NRK

Fjordfylket er det tredje største kraftfylket i landet. Men fossane og elvane som renn langs dei bratte fjellsidene gir ikkje berre straum.

Også pengane som dei største kraftverka tener, renn ut av fylket.

Johannes Idsø

FORSVINN: Tal Johannes Idsøe sit på viser at berre 15 prosent av verdiskapinga innan kraftbransjen blir att i Sogn og Fjordane.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

– Eg vil tru at kring 85 prosent av verdiane som dei store kraftselskapa skaper, lekk ut av fylket, seier seniorforskar Johannes Idsøe ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Produserer 14,5 TWh

Kraftverka i Sogn og Fjordane produserer nok straum til å forsyne heile Oslo, samt eige forbruk. Verdiskapinga er på solide seks milliardar kroner årleg.

1 TWh svarar til heile Drammen sitt forbruk. På eit normalår er samla kraftproduksjon i Sogn og Fjordane 14,5 TWh.

– Det er meir enn ti prosent av den samla produksjonen heile året i Norge. Det gjer Sogn og Fjordane til eit veldig viktig vasskraftfylke og eit viktig kraftfylke, seier seksjonsleiar i NVE, Håvar Hamnaberg.

Klarer ikkje fordøye

Idsøe trur ikkje at fylket ville klare å handtere milliardane det er tale om.

– Men dersom ein større del kunne nyttast lokalt så ville vi kunne få ei anna utviklingsbane reint økonomisk, med høgare økonomisk vekst i regionen, seier seniorforskaren.

Og framleis er det stort potensial for meir vasskraft i fylket.

Størst potensial i landet

NVE sine kartleggingar av elvane og vassdrag som ikkje er utbygde, viser at ingen andre fylke i landet har større potensial.

Sogn og Fjordane kan gi lys i vindauga til fleire hundre tusen husstandar.

– Potensialet for å byggje ut nye kraftverk i Sogn og Fjordane er det største i landet. Med tal er potensialet på 7,2 TWh. Det er då nesten ein fjerdedel av potensialet i heile landet, seier Hamnaberg.

Difor forsvinn pengane

Utviklinga i dag står i sterk kontrast med situasjonen tidleg på 1900-talet. Då var potensialet i det rennande vatnet nærast ukjent. Fossespekulantanae som reiste rundt og kjøpte fallrettar herja i ei tid då ingen visste kva verdiar som låg i dei store vassdraga.

Her ligg også hovudårsaka til at berre ein brøkdel av kraftpengane blir att i fylket.

– Vi har vel heller ikkje hatt ressursar til å stå for desse store utbyggingane. Så dette har ei lang historie, seier Idsøe.

– Trist politisk dag

Nær 100 år etter fossespekulantane si stordomstid, valde fylkespolitikarane i 2001 å selje 40 prosent av Sogn og Fjordane Energi til BKK i Bergen. Salssummen var 750 millionar kroner. Sidan salet har SFE betalt ut nær 900 millionar kroner i utbytte.

Erling Sande

TRIST: Erling Sande (Sp) hugsar kraftsalet som ein trist dag i politikken.

Foto: NRK

Leiaren i energikomiteen på Stortinget, Erling Sande, var den gong ein purung representant i fylkestinget.

– Eg hugsar sjølv eg sat i fylkestinget då Sp stod åleine om å behalde eigarskapen til SFE, då ein selde delar av det til BKK, altså ut av fylket. Det hugsar eg som ein av mine tristaste dagar i politikken fordi vi såg i ettertid at vi hadde rett i vårt standpunkt, seier han.