Hopp til innhold

Frp går for store kraftutbyggingar

Framstegspartiet ynskjer tilbake dei store kraftutbyggingane.

Kjøsnesfjorden kraftverk

I dag opnar Kjøsnesfjorden kraftverk. Framstegspartiet ynskjer dei store kraftutbyggingane tilbake.

Foto: Sunnfjord Energi

Under nyttårstalen i 2001 lova statsminister Jens Stoltenberg at tida for dei store kraftutbyggingane i Norge er over.

Men næringspolitisk talsmann i Frp, Harald T. Nesvik, meiner 100 småkraftverk er eit verre inngrep enn 1-2 store. Han meiner tida for dei store kraftutbyggingane ikkje bør vere over.

- Det er ikkje slik som ein hevdar at mange småutbyggingar nødvendigvis har mindre miljøinngrep enn ei større utbygging, seier han.

300 har fått ja

Over 500 småkraftverk står i søknadskø hos NVE. 300 småkraftutbyggarar har fått konsesjon til å legge fossestryk i røyr.

I dag opnar statsråd Terje Riis Johansen Kjøsnesfjorden kraftverk på Jølster. Det nest største vasskraftprosjektet Stortinget har samtykka til. Styreleiar i kraftverket, Fredrik Behrens, seier det vil produsere like mykje som 40 småanlegg.

- Ser ein innover i Kjøsnesfjorden i dag, så ser ein det er pent. Det er lite å sjå innover, seier han om spora etter utbygginga.

Ynskjer stortingsmelding

Kraftverket på Jølster har kosta kring 900 millionar kroner, og er rekna som eitt av dei siste store kraftutbyggingsprosjekta. I tråd med statsministeren sin nyttårstale for snart ti år sidan.

Frp meiner Stoltenberg gløymer at småkraftutbyggingane er eitt vel så stort naturinngrep som store kraftverk.

- Då kan det vere merkbart betre både kostnadseffektiv og betre for miljøet. Det må vere mogleg å diskutere desse tinga og difor bør ein legge fram ei eiga stortingsmelding, meiner Nesvik.

Løner seg å bygge stort

Harald Nesvik

STORUTBYGGING: Næringspolitisk talsmann i Frp, Harald Nesvik, ynskjer tilbake store kraftutbyggingar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nesvik presiserer at han ikkje vil småkraftutbyggarane til livs, men seier at det i mange tilfelle er betre å samle småelvane i store kraftverk enn mange små. Han får delvis støtte hos Behrens.

Styreleiaren i Kjøsnesfjorden kraftverk er glad for at småkraftverk har auka den lokale interessa for kraftproduksjonen, men meiner det løner seg best å bygge stort.

- Småkraftverk er ikkje noko negativt. Tvert imot. Men ein må sjå på det enkelte område; kva som eignar seg for smått og kva som eignar seg for det større koordinerte anlegget, seier han.