Hopp til innhold

Kraftbransjen slit med forgubbing

Kraftbransjen treng 4000 nye tilsette dei neste ti åra. Klimakrise og mangel på fornybar energi gjer at næringa treng fleire ungdomar.

Forgubbing i kraftbransjen

TRENG REKRUTTERING: Kraftbransjen er avhengig av 4000 nye tilsette dei neste ti åra.

Foto: NRK

Teknisk Ukeblad skreiv alt i 2007 at snittalderen i bransjen var 48 år. Tre av ti var over 55 år eller eldre. «Forgubbinga» skjer samstundes som verda skrik etter fornybar energi, difor trengst det ny rekruttering.

– Såg ikkje ei framtid i kraftbransjen

Ole Bent Søreide

HR-direktør i Sogn og Fjordane Energi, Ole Bent Søreide

Foto: NRK

– Næringa vart prega av at tida for dei store kraftutbyggingane skulle vere over. Dette førte til at ungdomen ikkje såg føre seg ei framtid i næringa, seier HR-direktør i Sogn og Fjordane Energi, Ole Bent Søreide.

Til dømes Statnett skisserer dei neste ti åra at det skal investerast 40 milliardar kroner i kraftbransjen.

– Dei største utbyggingane er nok over, men det dukkar opp nye spanande ting i samband med småkraft. For vår eigen del so investerer me årleg fleire hundre millionar kroner innanfor både vasskraftproduksjon og nettutbygging, seier Søreide.

– Treng rekrutteringa

– Eg har jobba som montør i 40 år og sett korleis utviklinga har vore. Det er ikkje til å gøyme vekk at mange av montørane er blitt eldre, so me treng sårt rekrutteringa, seier Inge Geir Sårheim.

Geir Inge Sårheim

DEN ELDRE GENERASJONEN: Montør Geir Inge Sårheim

Foto: NRK

Dei neste ti åra blir 4000 tilsette i kraftbransjen pensjonistar.

– Rekruttering er heilt avgjerande, elles so stansar alt opp. Linjer skal byggjast og reparerast, og beredskapen skal vera der. Då treng ein dyktige fagfolk som står på både natt og dag, seier Sårheim.

Sårheim trur dagens ungdom ikkje er vand med å driva med fysisk arbeid.

– Den generasjonen eg vaks opp i hadde nok ein fordel med at me jobba frå me var unge, både om sommaren og når me ikkje var på skulen. No er det mest slik at dei sit på skulebenken til dei er vaksne. Dei er ikkje lært opp til å driva med fysisk arbeid.