Hopp til innhold

Fjord1-tilsette gir julegåva si til gode føremål

Dei tilsette i Fjord1 gir vekk 60.000 kroner til Redningsselskapet, og 90.000 kroner til Kreftforeininga.

Fjord1-donasjon

F.v. administrativ sekretør i Fjord1 Helen Aasen, CFO i Fjord1 Hallgeir Kleppe, rådgjevar i Kreftforeininga seksjon Vest Tone Gjelsvik Sellevold, sals- og marknadsansvarleg i Redningsselskapet Martin Igland Malkenes og sjøvett- og opplæringsansvarleg i Redningsselskapet Tanja Smelvær.

Foto: Elgrim Fossheim / NRK

– Slike gåver er med på å gje håp til dei som er råka av kreft, og vi set difor ekstra stor pris på at dei tilsette valde å gje julegåva si til nettopp dette formålet, seier rådgjevar i Kreftforeningen seksjon Vest, Tone Gjelsvik Sellevold.

Ho legg til at foreininga vil forvalte den verdifulle gåva etter beste evne innan kreftforsking.

Stemde over formålet

Dei tilsette avgjorde kva pengane skulle gå til gjennom avstemming, og det var Kreftforeininga og Redningsselskapet som fekk klart flest stemmer.

Kreftforeininga får 90.000 kroner til å styrkje innsatsen knytt til forsking, medan Redningsselskapet får 60.000 kroner for arbeidet dei gjer med å tryggje ferdsla på sjøen.

– Vi er heilt avhengige av slike gåver, og difor betyr det så utruleg mykje for oss, seier sjøvett- og opplæringsansvarleg i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, Tanja Smelvær.

Video VARMEKAMERA-040810-SFMPEG-4_SF.mp4

Slik skal redningsskøyta berge liv

Veit at forsking nyttar

Tillitsvald i Fjord1, administrerande sekretær Helen Aasen, seier dei er glade for å kunne vere med å bidra til både kreftforsking og tryggleik langs kysten.

– Dei aller fleste har eit forhold til kreft, ettersom denne sjukdommen råkar mange, og vi veit at forsking på dette området nyttar. Vidare er kyst-Norge avhengige av den nære beredskapen til Redningsselskapet, samt det gode førebyggjande arbeidet dei gjer på dette området, seier Aasen.

Foreininga har tre hovudmål

Kreftforeininga er ein av Norges største bidragsytarar til kreftforsking. Bidrag frå gjevarar gjer Kreftforeininga i stand til å finansiere hundrevis av forskingsprosjekt.

– Kreftforeininga har tre hovudmål: bidra til at færre skal få kreft, fleire overlever kreftsjukdom, og sikre best mogleg livskvalitet for kreftramma og pårørande. Innanfor alle desse måla er forsking viktig, seier Gjelsvik Sellevold.