Hopp til innhold

Redningssselskapet får ti millionar meir

Sjølv om Redningsselskapet får ti ekstra millionar, er dei langt frå sikre på at det er nok til å halde alle fartøya på sjøen.

Redningsselskapet

ER REDDE FOR BEREDSKAPEN: Redningsselskapet ser mørkt på å oppretthalde same beredskap som i dag.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

I det salderte statsbudsjettet ligg det inne ti ekstra millionar til Redningsselskapet, noko som er godt nytt for ein organisasjon som langt frå var nøgde med årets løyvingar i statsbudsjettet.

Då statsbudsjettet vart lagt fram i oktober, fekk selskapet 30 millionar kroner mindre enn dei hadde bedd om, og Igland Malkenes var klar på at dette ville bety at båtar måtte setjast på land.

Eit stykke fram til dagens beredskap

– Vi er letta fordi det ser ut til at det byrjar å gå opp for dei ansvarlege myndigheitene kva slags verksemd vi driv med. Du kan ikkje kimse av tryggleiken for det norske folk på sjøen.

Det seier sals- og marknadsansvarleg i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, Martin Igland Malkenes.

Men han presiserer at han langt ifrå er nøgd med situasjonen.

Martin Malkenes

VIL HA MEIR: Sals- og marknadsansvarleg i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, Martin Igland Malkenes, ønskjer meir pengar til Redningsselskapet.

Foto: Privat

– Det er gledeleg at regjering og storting innser kva rolle vi spelar for det norske samfunn. Men det er framleis eit stykke fram for at vi skal klare å oppretthalde den beredskapen som vi har, seier Igland Malkenes.

Fryktar konsekvensane

Redningsselskapet bad om 70 millionar, og ender til slutt med 54 millionar kroner. Kva konsekvensane blir, er førebels uvisst.

– I Sogn og Fjordane er Stad såpass viktig for skipsfarten at det nok alltid vil bli prioritert. Men vi har også to mindre skøyter i Solund og Gulen, samt ei som er i Måløy som vi ikkje veit kva vil skje med i framtida, seier Igland Malkenes.

Når ein kan vente ei avklaring på framtida for desse skøytene, torer ikkje Igland Malkenes å svare på.

– Det er slikt som dei bestemmer sentralt, seier Igland Malkenes.

– Vi er letta fordi det ser ut til at det byrjar å gå opp for dei ansvarlege myndigheitene kva slags verksemd vi driv med. Du kan ikkje kimse av tryggleiken for det norske folk på sjøen, seier Igland Malkenes.