Hopp til innhold

Dommarar ugilde - sjukehusrettssak blir flytta til Bergen

Rettssaka som skal avgjere om avviklinga av ortopedien ved Nordfjord sjukehus er lovleg, er flytta til Bergen tingrett.

Bergen tingrett

HER SKAL SAKA GÅ: Rettssaka om avviklinga av ortopedien i Eid, skal gå for retten i Bergen.

Foto: Ingvild Aaen Torpe / NRK

Årsaka er at Gulating lagmannsrett har gitt sjukehusaksjonen i Nordfjord medhald i at dommarane i Fjordane tingrett, som utgangspunktet skulle behandle saka, er inhabile.

Sjukehusaksjonen stemna Helse Førde for retten og Fjordane tingrett sette av to dagar. Men den bitre sjukehusstriden i Sogn og Fjordane gjorde at aksjonistane meinte dommarane her har nær familie eller arbeidsforhold som gjer at dei ikkje vil kunne vurdere saka med nøytrale auge.

Advokat Gerd Aaland Fagerli seier det er svært gledeleg at saka blir flytta.

– Sjukehusaksjonen er sjølvsagt veldig nøgde med denne rettsavgjerda. Dei har hevda heile tida at saka bør gå for ein annan domstol.

– Kva var grunnen til at det mislikte at saka var fastsett til Fjordane tingrett?

– Det er viktig premiss at avgjerdene skal fattast av ein domstol som er upartisk, seier ho.

Helse Førde har tidlegare uttalt at dei ikkje har noko imot at saka blir flytta til ein annan likestilt domstol.