Hopp til innhold

Vil opne rasveg laurdag

Statens vegvesen vil opne fylkesveg 633 laurdag føremiddag klokka 12.00.

Rasområdet ved Kleiva på fylkesveg 633

OPNAR LAURDAG: Vegvesenet vil opne fylkesveg 633 laurdag føremiddag. Slik såg det ut etter raset førre helg.

Vegen har vore stengt heilt sidan førre laurdag då det rasa steinar ned i vegbana.

Vore stengd ei veke

Det var ikkje første gongen det rasa i området. Dei siste månadane har det gått fleire småras i området ved Kleiva på fylkesvegen.

No vil Statens vegvesen å opne for kontrollert køyring gjennom rasområdet laurdag føremiddag

(artikkelen held fram under biletet)

Bil treft av stein ved Kleiva på fylkesveg 633

STORE SKADER: Slik såg ein av bilane ut etter at steinar rasa ned frå fjellsida ved Kleiva på fylkesvegen.

Set opp båtruter

Skjer det endringar i planen om opning vil det bli sett opp båtrute måndag. RS Halfdan Grieg gå frå Honningsvåg klokka 07.50 og vere framme i Borgundvåg klokka 08.20. Båten går så tilbake frå Borgundvåg klokka 15.30.

Det er plass til 12 personar om bord, og etter ankomst i Honningsvåg måndag ettermiddag, går båten tilbake til Måløy.

Skulle stengje vegen

Vegvesenet hadde varsla at dei ville stengje vegen før det rasa førre helg, men stengde ikkje i tide. Dermed vart fleire som køyrde på vegen råka av steinar som rasa ned frå fjellsida.

For Asbjørg Honningsvåg og sonen vart bilturen heim til Honningsvåg førre laurdag ei skrekkens oppleving.

Først såg dei at det rasa jord og stein ned på bilan som køyrde før dei. Så byrja det hagle rundt deira bil.

Fekk stein på panseret

Plutseleg brasa ein stein rett i panseret og etterlet seg eit stort krater.

- Hadde steinen gått gjennom taket, eller gjennom frontruta, så hadde den treft den åtte år gamle sonen min. Eg torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd, seier Honningsvåg som er tydeleg skjelven etter hendinga.