Hopp til innhold

Fleire bilar trefte av stein

Fleire bilar skal ha blitt trefte av stein på fylkesveg 633 på Stad laurdag. Vegen er no stengd til måndag.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

STENGD: Fylkesveg 633 til Honningsvåg på Stad er stengd ved Kleiva til måndag. Biletet er teke i midten av august då fleire steinar rasa ned i vegen.

Foto: Geir Honningsvåg

Det har den siste tida losna steinar i fjellsida ved området Kleiva på fylkesveg 633 mellom Leikanger og Honningsvåg på Stad fleire gonger.

Vegvesenet har fleire gonger vore på staden med geolog og det vert no arbeidd med å reinske fjellet i området. Området der dei kjem stein ned i vegbana ligg like ved eit rasoverbygg og dei som brukar vegen krev at rasoverbygget vert utvida.

Laurdag varsla Statens vegvesen at dei ville nattestengje vegen på grunn av dei store nedbørsmengdene som er venta dei neste dagane. Klokka 16.45 i ettermiddag vart vegen stengd, fleire timar før planlagt.

Det skal ha kome ned ein del stein i området og ein fryktar det skal rase ned meir, seier vaktoperatør Roger Lemme ved Vegtrafikksentralen til NRK.no laurdag kveld.

Han seier fleire bilar som køyrde gjennom området skal ha blitt trefte av steinane, ingen personar skal ha kome fysisk til skade.

– Vegen vil tidlegast opne måndag, seier Lemme ved Vegtrafikksentralen.

Vel 40 innbyggjarar er isolerte i bygda Honningsvåg som følgje av vegstenginga.