Hopp til innhold

Vegvesenet: - Dette beklager vi

Statens vegvesen beklagar hendinga der ein familie på Stad opplevde marerittet då dei fekk ein stein i panseret på fylkesveg 633.

Bil treft av stein ved Kleiva på fylkesveg 633

HAGLA STEIN OG JORD: Familien opplevde at stein og jord hagla rundt bilen. Ein stein lagde eit stort krater i panseret.

– Det er beklageleg at dette skjedde, seier prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen til NRK.no.

Asbjørg Honningsvåg og sonen var på veg heim til Honningsvåg på Stad då dei fekk seg ei utriveleg oppleving. Plutseleg hagla det med stein og jord rundt bilen. Ein av steinane brasa rett i panseret og etterlet seg eit stort krater.

– Steinen lagde eit stort krater i panseret på bilen og hadde nok gått tvers gjennom hadde det ikkje vore for at motoren tåler litt. Hadde steinen gått gjennom taket, eller gjennom frontruta, så hadde den treft den åtte år gamle sonen min. Eg torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd, seier Honningsvåg som er tydeleg skjelven etter hendinga.

Sikrar fjellsida etter fleire ras

Steinane kom rasande ned i vegbana området ved Kleiva på fylkesveg 633 mellom Leikanger og Honningsvåg på Stad. Det er ikkje første gong dette skjer.

Mellom anna hadde ein posttilsett marginane på si side då ho fekk ein stein rett gjennom taket på postbilen i slutten av juli.

Etter desse hendinga har Vegvesenet bestemt seg for å sjå nærare på fjellsida. Heile denne veka har det blitt drive med fjellreinsking i området for å prøve å gjere det tryggare for dei som brukar vegen, forklarar Karlsen.

– Vi har reinska fjellsida frå toppen og nedover. På grunn av mykje nedbør varsla vi at vi kom til å stengje vegen laurdag kveld. Men dessverre så raste det ned steinar før vi fekk stengd vegen, seier Karlsen.

Han seier steinane og jorda som rasa ned i vegen er masse som er reinska vekk i samband med arbeidet, men som seinare har lagt seg på ei fjellhylle lenger nede.

– Når det så kom store nedbørsmengder vart desse vaska nedover fjellet. Vi hadde tenkt å stenge vegen på grunn av regnvêret, men dessverre vart det litt for seint i dette tilfellet, seier Karlsen.

Etter hendinga vart vegen stengd laurdag ettermiddag og den vil ifølgje Vegvesenet ikkje opne att før måndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fekk panseret knust av stein i Kleiva

KRATER: Ein stein lagde eit stort krater i panseret på bilen. Asbjørg Honningsvåg prisar seg lukkeleg for at steinen ikkje kom gjennom frontruta og trefte sonen i passasjersetet.

Kan ikkje love rasoverbygg

Rasområdet ved Kleiva ligg like ved eit eksisterande rasoverbygg. Honningsvåg seier det er svært utriveleg og skulle stole på flaksen når ein ferdast på strekninga og krev at Vegvesenet får på plass eit rasoverbygg også her.

Karlsen seier Vegvesenet først og fremst vil halde fram med fjellreinskinga.

– Vi vil gjere ferdig det arbeidet vi har begynt på. Undervegs er det ein geolog som også vil gjere sine vurderingar av fjellsida, og så får vi sjå etter kvart om det er aktuelt med fleire tiltak her, seier Karlsen.

Forstår at innbyggjarane er skeptiske

Han seier både nett og overbygg er blant tiltaka som kan bli aktuelle, dersom ein bestemmer seg for å bruke pengar på meir rassikring i dette området.

– Eg beklagar at dei som bruker vegen er skeptiske, men dessverre er dette langt frå den einaste plassen langs vegane i fylket der det kjem ned stein. Vi har eit budsjett vi må arbeide ut frå. Det er politikarane som bestemmer potten og det er i stor grad dei som bestemmer kor pengane skal brukast, seier Karlsen.

Fjellsida over Kleiva på vegen til Honningsvåg

FJELLREINSKING: Det er i dette området Vegvesenet no reinskar fjellsida.

Foto: Geir Honningsvåg