Ein nøgd Florø-trenar Terje Rognsø seier det var kjempestemning og drama utan like.
– Vi vann 4–2 etter ekstraomgangar, seier han til NRK.no.
Utlikna
1100 tilskodarar hadde teke turen til stadion i Florø for å sjå gutelaget imponere på bana. I første omgang tok Stabæk leiinga tidleg, men Florø fekk ein straffe rett etter.
– Den sette Stefan Aase i mål og stillinga var 1–1 til pause. Eg føler at vi spelte best i den første omgangen, men Stabæk var hakket betre enn oss i andre omgang.
11 minutt før slutt fekk Stabæk eit nytt mål, men igjen utlikna Florø like etter.
– Rune Helland Åmot skåra fire minutt før slutt, og dermed var det klart for ekstraomgangar, seier Rognsø.
Vann på straffe
Første ekstraomgang var mållaus, men i andre omgang fekk Florø to straffer som dei klarte å utnytte.
– Igjen var det Stefan Aase som tok straffene og klinte til. Begge enda i nettet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
G16-laget til Florø vann i sommar Dana Cup og har også tre landslagsspelarar. I tillegg spelar fleire av dei på 3. divisjonslaget. Rognsø seier kystbyen har eit av Norges beste gutelag. Men han var budd på ein tøff kamp i dag.
– Vi kunne ikkje fått ein tøffare motstandar enn det laget, meiner han.
Trenaren veit enno ikkje kven dei skal møte, for dei tre andre kvartfinalane blir spelte laurdag. Då møtest Strømsgodset–Lyn, Rosenborg–Viking og Mjølner–Vålerenga.
- LES OGSÅ:
Imponerte Flo
Ein som hadde teke turen til Florø, var toppspelarutviklar og assisterande trenar i Sogndal, Håvard Flo. Tidlegare i år sikra eliteserielaget seg tvillingbrørne Stefan og Peter Aase. Begge to var på bana i dag.
– Eg reiste for å sjå Florø og Aase-brørne live. Laget har også fleire andre gode spelarar, seier han til NRK.no.
Flo seier han blei imponert over det han såg i dag.
– Laget spelte seg fram til mange fine situasjonar. Dei var best i første omgang og gjekk litt tomme i andre omgangen. Men så kom dei tilbake i ekstraomgangane.
Gler seg til dei kjem
Han seier at tvillingane er på plass i Sogndal når sesongen er slutt og at det er viktig å vere oppdatert i forhold til kvardagen deira.
– Vi er glade for å ha sikra oss dei, for begge er lovande spelarar. Det skal bli spennande å få vere med å vidareforedle gutane.