Hopp til innhold

Florø med to lag i Dana Cup-finalen

To fotballag frå Florø er klare for finalen i Dana Cup.

Florø G16 og juniorane under Dana Cup

GLADE SPELARAR: G16-laget og juniorane jublar for finaleplass i Dana Cup .

Foto: Geir Rindheim

Både G16 og juniorane vann semifinalane sine i dag. Trenar Terje Rognsø er imponert over prestasjonen til gutane.

– Det har vore ein fantastisk innsats av laga, seier han. Saman med Bengt Solheim Olsen og Geir Rindheim har han ansvaret for laga under turneringa i Hjørring i Danmark.

– Det er vel fortent og dei spelte den klart beste fotballen i semifinalane.

Vann straffesparkkonkurranse

G16 vann 2–1 i semifinalen mot det tyske laget Düren-Niederau 08 og juniorane vann på straffekonkurranse mot Jerv 1919.

– Ved ordinær tid var stillinga 1–1. Resultatet av straffesparkkonkurranse blei 7–6 til oss, fortel han.

Finalane blir spelte laurdag. Klokka 13:10 spelar juniorane og klokka 17:30 er det klart for G16-finalen.

– Akkurat no veit eg ikkje kven vi skal møte. Men vi har spelt på vanskelege baner, så no skal det bli godt å spele på ein stadion i morgon, seier Rognsø.

Knapp tid til ferja

Dei kom sist laurdag og skal reise heim i morgon kveld. Han seier han er spent på om dei rekk ferja som går klokka 20.

– Viss ikkje, så får vi køyre rundt, seier han.

Florø sitt jentelag er klar for B-finale.

Vik i finalar

Også Vik har gjort det bra i Danmark. Gutar 15-laget tapte fredag kveld semifinalen,og tok bronse i A-sluttspelet.Jenter 16 år er klare for finale i B-sluttspelet.

Vikjene stilte med til saman tre lag på Dana Cup.