Hopp til innhold

Florø beste klubb i Dana Cup

– Det er deilig å vere norsk i Danmark, i alle fall når vi kjem heim med gull og sølv, seier Bengt Solheim-Olsen frå Florø etter årets Dana Cup.

G16 Florø

JUBEL: G16-laget til Florø vann turneringa i sin klasse.

Foto: Bengt Solheim-Olsen

G16-laget vann A-finalen 4–0 mot Hjørring, medan juniorane tapte sin finale mot Mandalskameratane. Stillinga i den kampen blei 2–0. Florø sitt jentelag tapte B-finalen 1–2.

Solheim-Olsen har saman med Terje Rognsø og Geir Rindheim hatt ansvar for 100 unge Florø-fotballspelarar fordelt på seks lag.

Det er dei 64 beste laga i kvar klasse går til A-sluttspelet i Dana Cup. Dei andre kjempar i B-sluttspelet.

LES OGSÅ: Florø med to lag i Dana Cup-finalen

– Stefan dominerte

Laga har gjort det så bra at klubben blei kåra til den beste under fotballturneringa i Hjørring i Danmark. 850 lag frå 45 land er med på gigantturneringa.

Trenar Terje Rongsø seier det spelarane har gjort ein kjempeinnsats.

– Det er stort for å oss å vere den beste klubben og gjere det så bra. Men det var litt nedtur å tape juniorfinalen, for vi pressa på, seier han.

På G16-laget var den kommande Sogndal-spelarane Stefan Aase dominerande.

– Han skåra to mål i finalen og blei kåra til banens beste. Men eg må seie han imponerte endå meir i semifinalen. Der var han sjokkerande god og skåra eit fantastisk mål.

Kapteinen sparka av motstandar

Men det er ikkje berre Florø som har gjort det bra. Jente 16 frå Vik tapte 1–5 i B-finalen mot Fjellhammar og kunne dermed reise heim med sølv.

Vik sit G15-lag fekk bronse i A-sluttspelet og det er trenar Kåre Egil Skjerven godt nøgd med.

– I alle kampar i sluttspelet vann vi med mange mål. I kvartfinalen leia vi 6–1. Heilt på slutten var det ein på motstandarlaget som sparka tre av våre spelarar. Kapteinen vår, Kristoffer Valsvik, blei skadd og kunne ikkje spele semifinalen. Det er ein viktig grunn til at vi tapte den 1–2. Det er bittert, seier han.

Men alt i alt er han nøgd med at vesle Vik har gjort det så bra i Europas nest største fotballturnering.

– Vi er rett og slett krye, seier han.