Hopp til innhold

Krev straff for Brann etter trakassering under cupkampen

Sportsklubben Brann må straffast i samband med cupkampen, krev Sogndal Fotball.

Cupkamp Brann - Sogndal

IKKJE NØGDE: Sogndal Fotball og Saftkokaradn er ikkje nøgde med det som skjedde under staffesparkkonkurransen.

Foto: Oddleif Løset

Sogndal Fotball meiner at Brann-supportane trakasserte Sogndal-supporterane under straffesparkkonkurransen i går.

Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggstad, er skuffa over Brann.

– Eg forventar at fotballforbundet straffar Brann etter at dei har fått rapport frå Sogndal Fotball, seier han.

Flytta seg bak Sogndal-målet

Det var i forkant av straffesparkkonkurransen i går, der det enda med at Sogndal vart utslått av cupen, at dramatikken starta.

Stikk i strid med regelverket, flytta ein horde av Brann-supporterar seg frå sine tilviste plassar til å stille seg bak målet til Sogndal, der straffesparka skulle takast. Geir Frode Lunden, tryggleiksansvarleg i Saftkokardn, stod sjølv bak Sogndalmålet.

– Dei kom heilt inntil vårt avsperra område, og ifølgje tryggleiksboka til fotballforbundet er det i strid med regelverket. Det er totalt brot på alle reglar som går på tryggleik på stadion, seier Lunden.

– Tilrop og obskøne bevegelsar

Lunden fortel at Brann-supporterane kom med mange ukvemsord.

– Det kom ein del tilrop og stygge kommentarar mot oss, i tillegg til at enkelte gjorde obskøne bevegelsar.

Norges Fotballforbund vil ikkje kommentere saka før dei har fått kamprapporten, fordi dei ikkje kjenner hendelsesforløpet. Heller ikkje leiinga i Brann vil kommentere saka.

Ventar ei skikkeleg straff

Lunden meiner Brann fortener straff etter det som skjedde.

– Eg håpar fotballforbundet gir Brann ei skikkeleg straff. Dette er totalt uakseptabelt.

Sogndal Fotball skal før helga sende ein formell klage til Norges Fotballforbund med videobevis.

Video NM 4. runde: Brann-Sogndal

NM 4. runde: Sjå høgdepunkta frå Brann-Sogndal.

Video SJÅ: Den dramatiske straffekonkurransen mellom Sogndal og Brann

SJÅ: Den dramatiske straffekonkurransen mellom Sogndal og Brann.