- Slikt gjer du ikkje på bana

Ole Jørgen Halvorsen var lite nådig mot Rodolph Austin etter cupkampen mot Brann.

Rodolph Austin blir vist ut mot Sogndal.

UNØDVENDIG: Det var ein periode ampert då heimelagets Rodolph Austin vart vist ut for behandlinga han gav Ole Jørgen Halvorsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med berre få sekund att av andre ekstraomgang, langa Brann-spelaren ut mot Halvorsen etter ein duell om ballen.

Dommar Dag Vidar Hafsås var ikkje i tvil og tok opp det raude kortet av lomma.

– Slik framferd skal ein ikkje levere på fotballbana. Han går rett i strupen på meg med strak arm, og så opp i fjeset. Det er ikkje noko kjekt når slikt skjer, og eg skulle helst ynskt at det ikkje skjedde, seier Halvorsen.

Rettferdig kamp

Episoden skjedde etter ein duell mellom Austin, som spelte sin første kamp etter å ha kome heim frå Gold Cup med landslaget. Jamaicanaren kom inn i pausen.

Etter å ha sett det raude kortet indikerte Austin at Halvorsen hadde sparka etter han. Det avviser sogndalspelaren.

– Det var ein rettferdig kamp om ballen. Han dytta med hovudet og alt som er på kroppen. Eg skubba han unna, og då flyg han rett på meg. Det er slikt som skjer i kampens hete, seier Halvorsen.

– Var det raudt kort?

– Det er ikkje opp til meg å avgjere, men slikt bør ikkje skje, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video NM 4. runde: Brann-Sogndal

SJÅ HØGDEPUNKTA: NM 4. runde: Brann-Sogndal

– Han overdreiv

Brannspelaren har ei anna forklaring om kva som hende.

– Eg sentrar ballen til Hassan (El Fakiri red. anm.), og han sparkar meg i foten. Eg dyttar han i brystet, men han gjer dette til ei stor greie og held seg til ansiktet. Så får eg raudt kort, seier han og meiner handlinga ikkje svara til raudt kort.

– Eg er ikkje glad for måten han held seg i ansiktet. Eg var ikkje bort i ansiktet, seier han.

Viktigaste var å vinne

– Overdreiv du då du kasta deg i bakken, Halvorsen?

– Overreagerer eller ikkje. Det kjem ein stor kar og køyrer fingrane i ansiktet og strupehovudet på meg. Det gjorde ikkje så veldig vondt, men det var veldig unødvendig.

– Det er fotball og du har spelarar som gjer ting større enn dei er, men det viktigaste er å vinne kampen i dag, seier Austin.