I tillegg til å fryse omstillingsprosessane, gjekk framlegget på å utarbeide ein nasjonal sjukehusplan.
- LES OGSÅ: Eid-ordførar røysta for nedbygging
- Det handlar om eit dokument 8 framlegg som ein rutinemessig stemmer i mot. Ho oppførte seg heilt korrekt i denne samanheng. Men eg understrekar at ho fleire gonger gav uttrykk overfor oss at dette sjølvsagt var eit vanskeleg sak for henne, seier Kolberg.
- Folk er sjokkerte
I helga har det storma kring Ap-ordføraren i Eid etter at ho før helga røysta mot framlegget som kom frå opposisjonspartia på stortinget.
- LES OGSÅ: - Ho har dolka oss i ryggen
- Folk er mildt sagt sjokkert, seier leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, om røystinga til den tidlegare leiaren i Nordfjordrådet.
Styreleiar i Helse Førde, og Ap-politikar, Clara Øberg meiner partikollegaen frå Eid driv med dobbeltmoral.
- Urimeleg kritikk
For Edvardsen og Eid Ap gjekk høgt på bana for å få Øberg og styremedlem Harry Mowatt ekskludert frå partiet då dei gjekk inn for nedbygging av føde- og akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Edvardsen avviser skuldingane frå Øberg.
- Alle veit kvar eg står i denne saka. Clara Øberg veit at i Stortinget må ein røyste med stortingsgruppa, seier Edvardsen.
Kolberg meiner kritikken mot Edvardsen er urimeleg.
- Ho oppførde seg slik ho skulle, og det tykkjer eg det skal stå respekt av, seier Kolberg.
- Naudsynt av Edvardsen
- Kunne ho ikkje teke dissens i denne saka?
- Det er ikkje noko grunn til at ho som vararepresentant skal komme inn og ta ut dissens på denne saka fordi ho har eit engasjement når det gjeld fødeavdelinga i Nordfjordeid. Det er å rive saka fullstendig ut av sin proposjon. Difor er det naudsynt at ho gjorde det ho gjorde, seier Kolberg.
- Når saka no kjem til handsaming, for helseplanen kjem til handsaming i Stortinget, då blir det ei seriøs handsaming av dette, legg han til.