Hopp til innhold

Skredekspert: – Hald deg heime

Det er framleis stor skredfare på Vestlandet. – Viss du kan, la bilen stå og hald deg heime, oppmodar skredforskar.

– Vegane er det som er mest utsett. Så ein bør freiste å få minst mogleg trafikk på vegane. Viss ein ikkje nødvendigvis må ein stad, så kan ein vere litt forsiktig med å dra ut og køyre, seier skredforskar Steinar Bakkehøy ved Norges Geotekniske Institutt (NGI).

– Eg ville halde meg heime

På ein skala fra 1 til 5 vurderer NGI skredfaren i Sogn og Fjordane som 4 – altså stor.

– Eg ville ha halde meg heime viss eg ikkje absolutt måtte ut. Plutseleg så går det eit skred. Det er ikkje sikkert at du blir ramma av skred sjølv, men kanskje er vegen stengd når du skal heim igjen. Då må du kanskje køyre fleire mil omveg, seier Bakkehøy.

Tysdag var 46 vegar stengde som følgje av snøskred, sørpeskred, skredfare eller flaum i Hordaland og Sogn og Fjordane. Onsdag føremiddag er situasjonen mykje den same. Klokka 10 er nær 20 vegar stengde, inkludert aust-vest-fartsårene Strynefjellet, Filefjell og Hemsedalsfjellet (dei to siste grunna bilberging).

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Våte vegar.

SJÅ VIDEO: Det er mykje vatn på vegane.

Sørpeskred

Og kva naturkreftene kan føre til, fekk ein eit dystert prov på i Balestrand måndag kveld då eit hus personar vart teken av skred.

– Når det gjeld sørpeskred så er det gjerne langs bekkefar og elvar at det er mest farleg. Viss ein kan sjå at det byggjer seg opp vatn i snødekket, då får snødekket eit blått skjer, så er det ein viss sjanse for at det kan komme sørpeskred, forklarer skredforskaren.

Han er ikkje spesielt overraska over at det gjekk skred i Balestrand.

– Balestrand er velkjend for sørpeskred. Det har gått mange slike skred der oppgjennom åra. Desse sørpeskreda følgjer gjerne elver og bekkefar. Viss ein bur eller har hus like inntil elver, så bør ein se litt på om det kan losne sørpeskred i elvene.

Manglar kunnskap om slike skred

Mens ulike former for jord- og steinras og snøskred er godt kartlagt, er kunnskapen om sørpeskred er mangelfull.

Det seier skredekspert og kollega av Bakkehøy i NGI, Frode Sandersen.

– På dennetypen skred - og flaumskred - er ikkje per i dag kartlagt. Det er for dårleg, men det er ting på trappene for også å få kartlagt denne typen skred.

Framleis dystre utsikter

Bakkehøy vurderer skredfaren som framleis stor.

– Vi har sagt at skredfaren er oppe i fire, altså stor skredfare på ein skala på fem. Det er eitt trinn igjen, men med stor skredfare kan det absolutt gå ein god del skred rundt om i distriktet.

Vêrvarselet gir heller ingen grunn til å avblåse faren.

– No vart det jo litt kjølegare tysdag kveld og natt til onsdag, og vi har hatt litt mindre tilførsel av regn. Men no er det igjen varsla meir regn i låglandet. Då kan det, på grunn av all nedbøren som alt er komen, gå nye sørpeskred. I fjellet der det snør og blæs kraftig kan det gå vanlege tørre snøskred oppe i høgfjellet. Dei kan gå ned som våt-snøskred ned mot vegar og busetnad i distriktet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fare for oppdemming

SJÅ VIDEOE: Fare for oppdemming av vatn.

Kalde vintrar gir farleg snø

Skredforskaren seier dei kalde vintrane vi har hatt dei to siste åra, aukar faren for skred.

– Då blir det danna grove krystallar nede ved bakken med dårleg samanheng seg i mellom. Det blir ein slags sukkersnø heilt nede ved bakken med dårlege bindingar. Får vi mykje regn på dette, så løyser det seg lett opp og kan gå ut som sørpeskred når det blir nok vatn i snødekket.

– Kva er dei mest utsette stadene?

– Sørpeskred er eit høvesvis vanskeleg fenomen å kartleggje. Dei kan losne på ganske slakt terreng, heilt ned på sju-åtte grader. Derfor er det vanskeleg å seie kvar slike skred kan gå. Men det er bekkefar og søkk som er dei farlegaste.