Hopp til innhold

Evakuerte får ikkje flytte heim

Dei 22 evakuerte i Balestrand får truleg flytte tilbake til heimane sine i morgon tidleg.

Evakuerte etter raset i Balestrand

MÅ BU PÅ HOTELL: Dei evakuerte et frokost på Midtnes Hotell der dei er innlosjerte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er konklusjonen etter beredskapsmøtet i Balestrand i føremiddag. Det dårlege veret gjer at det ikkje er aktuelt å flytte tilbake i dag.

I tillegg til ti personar som vart evakuerte måndag kveld, var ytterlegare 12 personar evakuerte i går. Tilsaman er 22 personar frå 12 husstandar som ikkje får bu heime.

– Vi har nettopp teke ei avgjerd om at på grunn av veret og rasfaren, så held vi folk evakuerte til torsdag morgon, seier ordførar Einar Målsnes.

Han seier at veret skal betre seg utover kvelden

– Men det regnar framleis, og vatnet skal ned frå fjellet. Difor held vi folk evakuerte.

Tysdag blei to personar funne omkomne etter at huset deira blei teke av eit stort skred på Flesje måndag kveld.

No ventar kommunen på at politiet skal frigje området slik at oppryddinga kan starte. Det har gått ras i begge endar av bygda

– Vi håper at vegane kan opne snart slik at vi får kontakt med omverda.

Info-lapp til dei evakuerte etter raset i Balestrand

INFO-LAPP: Dei evakuerte blir informerete om kva som skjer utover dagen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På grunn av uvêr og stengde vegar, set Sogn og Fjordane fylkeskommune opp ekstraordinære båtruter i kommunane Vik og Balestrand. Dette gjeld strekningane Balestrand–Menes–Farnes–Ulvestad, Balestrand–Kvamsøy og Vik–Framfjord–Nese.

Video Sjå bileta frpå helikopteret

SJÅ VIDEO: Rasområdet sett frå lufta.

Video Begge personane er funne

SJÅ TV-SAKA: Begge personane blei funne omkomne.