Hopp til innhold

Brannsjef krev ambulansen tilbake

Brannsjef i Aurland Arvid Gilje meiner liv vil gå tapt om ikkje kommunen får tilbake ambulansen.

Arvid Gilje

LEI AV Å VENTE: Brannsjef Arvid Gilje fortel om episodar der dei har venta ein halvtime på ambulanse.

Foto: Arne Veum

I 2009 vart ambulansen i Aurland flytta til Lærdal. Gilje seier både brannvesenet og ambulansen var på staden samstundes. No meiner han det ofte tek ein halvtime lenger for ambulansen er på plass.

No krev han ambulanseberedskapen tilbake til kommunen:

– Vi har mange situasjonar der vi så vidt har klart å berge liv. Det har vore indre skader og vi har ikkje medikament.

Gilje fortel om episodar der brannvesenet har måtte vente opp mot ein halv time ekstra på ambulansen.

– Vi er vane med å gjere det vi kan før ambulansen kjem. Før var det betre, då kom vi samtidig. No står vi der og ventar.

Meir og meir uroa

Det er ambulansen frå Lærdal brannvesenet i Aurland ventar på. Etter at kommunen mista eigen ambulanse har Gilje blitt meir og meir uroa.

– Det er berre tidsspørsmål før liv går tapt. Det tek så lang tid før dei kjem.

Leiar for ambulansetenesta i Helse Førde Stian Sægrov meiner det er forsvarleg å ha ambulansen ståande i Lærdal.

– Vi meiner det er eit godt tilbod. Vi må kunne sikre driften med personell som har rett kompetanse og mengdetrening i den tenesta vi har i dag.

Vil ha avviksmeldingar

Ambulansen vart flytta frå Aurland i 2009. Sægrov seier Helse Førde skal i møte med kommunen om situasjonen.

– Vi har ikkje fått noko skriftleg frå episodar som har vore farlege, men vi vil ha eit møte med dei for å høyre kva som blir vist til.

Sægrov viser til at Gilje også tidlegare har kommentert ambulansesituasjonen i media.

– Det eg saknar er at Gilje kjem med avviksmeldingar eller tek ting opp med ambulansetenesta slik at vi kan gi eit rett svar tilbake.