Hopp til innhold

Midtbanejuvel tapt for Sogndal

Draumen om at Ruben Holsæter skal spele for Sogndal komande sesong er ikkje lenger levande.

Ruben Holsæter

IKKJE TIL SOGNDAL: Ruben Holsæter blir i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sogndal må no ut av fylket for å sikre seg nytt blod i spelarstallen. Det skriv Sogn Avis.

Sogndal Fotball har i lenge tid jobba for å få sikre seg den unge midtbanejuvelen til Førde. Klubbane har forhandla sidan sommaren 2010, men no er det klart at 19 åringen blir i Førde også komande sesong.

Ikkje skuffa

Trond Fylling

Trond Fylling

Foto: Rune Fossum / NRK

Sportsleg leiar Trond Fylling har bruk for ein offensiv midtbanestrateg. Ruben Holsæter ville passe perfekt i den rolla, og var lova mykje speletid.

Dei to største fotballklubbane i fylket var einige om både pengar og lovad om utdanning, men avtalen drog ut i tid og no ser den ut til å gå i vasken.

Trond Fylling hevdar at sogningane ikkje er bitre.

– Vi har respekt for at Førde har si eiga satsing å tenkje på, og dermed ynkjer å halde på ein av sine beste spelarar, seier Fylling til Sogn Avis. Han meiner eliteserielaget no berre må sjå framover og leite etter andre spelarar.

Utlån er usikkert

Forrige sesong hadde Førde og Sogndal ein avtale om lån av spelarar. Om dette blir aktuelt i 2011, er ikkje Fylling sikker på.

Etter opprykket har Sogndal dessutan merka interesse frå klubbar i 1.divisjon. Dermed kan det bli meir aktuelt å låne vekk spelarar til desse klubbane.