Hopp til innhold

Takka nei til Sogndal og Brann

Ruben Holsæter (19) har bestemt seg for å halde fram i Førde.

- Det er i grunn tryggleiken og det gode miljøet som gjer at eg vel å halde fram i Førde, seier Holsæter til avisa Firda.

Sunnfjordingen har vore i søkjelyset til storklubbar som Aalesund, Brann og Sogndal etter at han hadde ein svært sterk sesong i 2. divisjon i år.

LES OGSÅ:

No trur han at han vil utvikle seg best dersom han held fram i Førde.

- Klubben har eit svært godt trenarapparat. Knut Erik Folland, Torbjørn Glomnes og alle dei andre gjer at eg trivst godt her, seier Holsæter til Firda.