Det har vore ein tørr og kald november. Med nye kulderekordar i fleng.
Natt til laurdag registrerte Vervarslinga på Vestlandet ni minimumsrekordar for november berre i Hordaland og Sogn og Fjordane.
- Det er ein november noko utanom det vanlege. Det er ikkje ofte vi har ein så kald november, seier meteorolog Anna Reistad.
Største avvika i vest
- Denne perioden plar vere mild med regn og lågtrykk som passerer frå Atlanteren. No har vi i staden ein stabil høgtrykksrygg som kviler over oss. Det plar vi først få over nyttår, seier Reistad.
- LES OGSÅ:
Temperaturane for Vestlandet skil seg kraftig frå dei kaldaste i Nord-Norge. Til dømes har Kautokeino og Karasjok begge opplevd kring 35 kuldegrader.
- LES OGSÅ:
Samstundes ser Midt-Norge og Vestlandet ut til å ha dei største avvika frå normalen. Her ser kan det gå mot ein rekordkald november.
- Alt tyder på det. Men vi har framleis nokre dagar att av november. Det blir i alle fall den lengste perioden på mange, mange år med kalde netter og låge temperaturar, seier Reistad.
Kaldaste på 140 år
Natt til laurdag opplevde Bergen den kaldaste novembernatta sidan målingane starta i 1903. Også for fylka Buskerud, Telemark og Aust-Agder ser det ut til å gå mot tidenes kaldaste november. Natt til fredag var den kaldaste på 140 år på Hovden.
Meteorologisk institutt i Oslo opplyser elles om ein novembermånad to-tre grader under normalen på Austlandet.
- REDD FOR STRAUMPRISEN? SLIK REDUSERER DU STRAUMREKNINGA MED TI PROSENT
I nord er Nordland fire-fem grader under normalen i indre strok - og ein til to grader under normalen i ytre strok. Vervarslinga i Tromsø opplyser at temperaturen for dei to nordlegaste fylka, Troms og Finnmark, ligg tre til fem grader under normalen i indre strok.
Litt snø
Årsaka til den strenge og lange kuldeperioden er eit stabilt høgtrykk over Nord-Norge som forplanta seg sørover landet. Torsdag er det venta lågtrykk i nord, men høgtrykk over Skottland, Russland og Finland gir Sør-Norge ein gjennomgåande høgtrykksrygg.
- LES OGSÅ:
Reistad seier temperaturane vil stige framover, men dei vil ikkje gå mykje over null grader. Det som kjem av nedbør, vil legge seg som ei kvit dyne over landet.
- LES OGSÅ:
- Temperaturen i indre strok vil ikkje stige meir enn -6 grader. Neste helg skulle det difor bli gode mogelegheiter for vaksne og born som ynskjer å gå på ski, seier ho.